Straumgjerde Vel: Forskjell mellom sideversjoner
m (kategorisplitting) |
m ({{nn}}) |
||
Linje 11: | Linje 11: | ||
[[Kategori:Etableringer i 1948]] | [[Kategori:Etableringer i 1948]] | ||
[[Kategori:Velforeninger]] | [[Kategori:Velforeninger]] | ||
{{nn}} |
Sideversjonen fra 25. jan. 2016 kl. 16:00
Straumgjerde Vel i vart skipa i 1948 for å få gjennomført fellestiltak i Straumgjerdekrinsen i Sykkylven. Mellom prosjekta som foreininga har fått til, er grøntanlegg på Bergane, nord for elva Straumen. Velforeininga har også arbeidd med andre delar av elvemiljøet, og var i 1997 involvert i tilplanting av grøntområdet ved badelaguna og i vegkrysset ved daglegvareforretninga i Straumgjerde. Straumgjerde Vel har også prøvd seg som politisk pressorgan og arbeidde lenge for å få lagt eit legekontor til Straumgjerde. Ein nådde ikkje fram med dette ønsket, og måtte i staden nøye seg med ein apotekfilial som vart lagt ned i 1998. Det tiltaket velforeininga har arbeidd lengst med, er dei årlege opprydningsaksjonane i månadsskifet april/mai.
Kring 2008 tok nokre ungdomar eit initiativ for å blåse nytt liv i organisasjonen etter at han ein tid hadde lege nede. Straumgjerde Vel stod nokre år framover som tilskipar av Straumgjerdedagen med moro i laguna ved elva som høgdepunktet.
Kjelder og litteratur
- Varamannen (Meldingsblad til UL Samhald) jula 1998.