Sunndal kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 25. feb. 2008 kl. 18:00 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Ny side: {{Infoboks_kommune2 | |ifylke=Møre og Romsdal |våpen= Sunndal_komm |kart= Sunndal |kommunenummer=1563 |senter=Sunndalsøra |flatevidd=1700 |folkemengd=7 333...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Infoboks kommune2

Innerdalstårnet ligg i Innerdalen innanfor Ålvundeid.
Foto: «Color line»

Sunndal er ein kommune på Nordmøre i Møre og Romsdal. Kommunesenter er Sunndalsøra. Kommunen inneheld dei gamle herada Sunndal, Øksendal og Ålvundeid, og dessutan og Ålvundfjord krins av tidlegare Stangvik herad. Kommunen grensar i dag til Tingvoll i nordvest, Surnadal i nord, Oppdal i aust, Lesja i sør og Nesset i vest.

Sunndal har kring 7 500 innbyggjarar; av dei bur kring 4 500 i tettstaden Sunndalsøra.

I arbeids- og næringslivet i Sunndal er det aluminiumsverket som dominerer, med ca 900 arbeidsplassar. Verket vart modernisert i 2004, samtidig som det feira 50-årsjubileum. Det er Norsk Hydro som har eigd aluminiumsverket sidan 1980-åra.

Sjølv om Sunndalsøra er bygd opp omkring aluminiumsverket, er Sunndal kommune òg ein stor landbrukskommune og har ein godt utbygd offentleg sektor.

Sunndalsøra er truleg den staden i Noreg som har størst del av bustadene sine i bustadsamvirket.

Personar frå Sunndal kommune

Mal:Nordmøre Mal:Nynorsk Wikipedia