Sunnhordland Årbok

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 26. jan. 2009 kl. 18:48 av Knut Rage (samtale | bidrag) (Ny side: '''Sunnhordland Årbok''' er årboka til Sunnhordland Museum (tidl. Sunnhordland Folkemuseum og Sogelag). Hausten 2009 kjem 90. bandet av årboka. Den første årboka kom ut i 1914 - det ha...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Sunnhordland Årbok er årboka til Sunnhordland Museum (tidl. Sunnhordland Folkemuseum og Sogelag). Hausten 2009 kjem 90. bandet av årboka. Den første årboka kom ut i 1914 - det har såleis vore nokre år då boka ikkje kom ut.

Sunnhordland Årbok skil seg på mange måter ut frå dei andre lokalhistoriske årbøkene i Sunnhordland. For det første er boka den desidert eldste, og er også det lokalhistoriske årsskriftet med høgast opplag. Som årbok for Sunnhordland Museum har boka inneheldt ei overvekt av artiklar skrivne av fagfolk. Den akademiske profilen er blitt styrka i dei seinaste åra, då også museet no står som eine utgjevar.

Som namnet seier har boka dekka heile Sunnhordland gjennom meir enn nitti år. Det er nok også den av dei lokale årbøkene som utan tvil har femna over eit vidast mogleg spekter av emne - frå dei tidlegaste tider til det me kan kalla minnestoff. Omfanget på årboka har variert opp gjennom åra, men har dei siste par tiåra vore på omlag 200-250 sider. Sunnhordland Årbok er særs "oppegåande" den dag i dag, med eit relativt høgt opplag. Noverande redaktør er Knut Rage.