Sunnhordlandsætter: Forskjell mellom sideversjoner

Ingen redigeringsforklaring
Linje 89: Linje 89:
Finn var den eldste. Han budde på Mel, og er difor også nemnd Finn Gautsson på Mel. Han var lendermann alt i 1247, enno medan far hans levde. Og også det syner kor høgt denne ætta var akta. Han var med kongen på toget til Skottland i 1263, og var då sjølvsagt ein av hovdingane på flåten. Han kom også heimatt frå denne ferda og levde enno i mange år.  

Broren Gaut var baron frå 1277 og budde på Hatteberg. Det er ikkje stort me veit om han. Han synest ha halde seg mest heime. Me veit heller ikkje kva tid han døydde. Men det må ha vore før 1306. For frå det året har me ein kontrakt som enkja hans, Katarina Ivarsdotter på "Loghalo" (truleg garden Loglo i Leinstrand, Sør-Trøndelag), gjorde med bispen Arne i Bjørgvin. Ved denne kontrakten let ho bispen og bispegården få til eiga 20 månads matbol i garden Nerheim i Granvin sokn i Hardanger, ein gard som var mannen sitt odelsgods og som han hadde gjeve til henne. Og for dette skulle ho ha "bord for livstid" i bispegården.  
Broren Gaut var baron frå 1277 og budde på Hatteberg. Det er ikkje stort me veit om han. Han synest ha halde seg mest heime. Me veit heller ikkje kva tid han døydde. Men det må ha vore før 1306. For frå det året har me ein kontrakt som enkja hans, Katarina Ivarsdotter på "Loghalo" (truleg garden Loglo i Leinstrand, Sør-Trøndelag), gjorde med bispen Arne i Bjørgvin. Ved denne kontrakten let ho bispen og bispegarden få til eiga 20 månads matbol i garden Nerheim i Granvin sokn i Hardanger, ein gard som var mannen sitt odelsgods og som han hadde gjeve til henne. Og for dette skulle ho ha "bord for livstid" i bispegarden.  

Gaut hadde ikkje born med Katrina. Men han må ha vore gift før, og også hatt born med første kona. Kven ho var, det veit me ikkje. Men far hennar har truleg vore ein Tore. For den neste eigaren på Hatteberg heitte Tore.  Og når ein så legg merke til at denne Tore hadde ein son som heitte Greip, så ligg det nær å tru at Gaut si første kone har vore ei dotter til ein Tore Greipsson i Hardanger (n. 1257). Den nemnde Tore på Hatteberg hadde forutan sonen Greip også ein son som heitte Ivar. Han budde på Hatteberg. Og son hans att var Greip Ivarsson som var sysselmann på Færøyane i slutten av det 14. hundreåret.

Skribenter
1 575

redigeringer