Svidal krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Svidal krins var ein skulekrins i Jølster kommune i Sogn og Fjordane. Skulekrinsa dukkar fyrst opp i skuleprotokollane frå 1866. I ei omregulering av krinsane i Jølster i 1893, besto krinsen av gardane Svidal, Svidalstøl, Berg og Søsetslaatterne. Krinsen hadde då 27 born, men i 1894 kom det forslag om å overføre gardane Solheimsnæs, Solheim og Saarheim frå Ålhus til Svidal krins for å holde bornetalet oppe.[1] Dette var ikkje folka der nødge med og ba året etter om å "paa en eller anden Maade" bli lagt til Ålhus krins igjen, men fekk ønsket avslått av skulestyret. Ønsket vart gjenteken (og avslått) i 1895, med den advarsel om at "Børnene fra Saareim fra Nyttaar at bortvises fra Aalhus skule" - nok som tydar på at Saarheimgarden så langt hadde gått imot skulestyret og sendt borna til Ålhus likevel.[2]

I 1897 blei Svidal slått saman og underlagt Ålhus skulekrins.

Skulehus

Det vart benytta leide lokaler for skulekrinsa. I femårsmeldinga for Jølster folkeskole 1891-1895, står det fylgjande: «I Gjesdal, Svidal og Sognesand benyttes leiede lokaler – for det meste almindelige sperrestuer, der i regelen er noksaa sunde og afgiven taaligt rum i forhold til barnetallet». I det siste året då skulen var i drift (1897), så blei den helde hos Anders Sjursen. Plan om eit skulehus i Svidal omtalast i skulestyrets møteprotokoll i 1895, men dette arbeidet fekk liten framgang.[3]

Skuledagen

Skulevegen

Lærarar

I 1891 skulle krinsen tilsette ein ny lærar. Den valde kandidaten takka derimot nei til posten, og ei melombels løysing vart at skulestyret lot kyrkjesongar E. Fosheim (lærar i Ålhus krins) ta over storskulen i Svidal, mens dotter hans, Dorthea, tok småskulen. Gardbrukaren Søren M. Øvrebø skulle ha småskulen i Ålhus.[4] Året etter vedtok skulestyret at Dorthea Fosheim også tok småskulen i Ålhus. Elias Fossheim bytta i 1894 krins, slik at han vart lærar i Svidal i staden for i Ålhus.

Namn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Skaar Svidal 1873 1877
Myklebust Svidal 1878 1879
Ludvig Fugle 1860 Svidal 1880 1891 Balestrand 1877
Elias Fosheim 1846 Svidal 1891 1897 Stord 1870 Kyrkjesongar
Dorthea Kristine Fosheim 1877 Svidal 1891 Dotter av kyrkjesongar E. Fosheim.

Fotnotar

  1. Møtebok for skulestyret i Jølster, 1880-1918. Side 30.
  2. Møtebok for skulestyret i Jølster, 1880-1918. Side 36.
  3. Møtebok for skulestyret i Jølster, 1880-1918. Side 32.
  4. Møtebok for skulestyret i Jølster, 1880-1918. Side 21.

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Dagbok for Gjesdal, Hammar og Svidal skulekrins 1878-1903. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Dagbok for Svidal og Ålhus skulekrins 1891-1914. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Karakterprotokoll for Gjesdal og Svidal skulekrins 1866-18 7 7. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Skuleprotokoll for Ålhus skule og Svidal skule, 1892-1915 . Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Skuleprotokoll for Svidal skule, 1896-1897. Digital versjo n p å Digitalarkivet.no.
  • Skuleprotokoll for Gjesdal skule, Hammer skule og Svidal s k ul e, 1878-1903. Digital versjon på Digitalarkivet.no.

Koordinater: 61.51358° N 6.15643° Ø