Sygnesand krins

Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.


Målet er å utvide denne artikkelen med mest mogeleg fakta. Bidra gjerne med meir informasjon.

Søgnesand krins er ein skulekrins i Jølster kommune i Sunnfjord. Undersvisning på Sygnesand høyrer man først om i skuleprotokollen frå 1836. På dette tidspunktet var det omgangskule og borna blei undervist i private husstandar på garden. Mot slutten av 1800-tallet blei Sygnesand ein eigen krins, og den gamle rode ordninga bortfalt. Krinsa omfatta borna frå gardane: Sygnesand, Lunde og Ripe.

Læraren i krinsa måtte undervise i båe Sygnesand og Sunde. Dette blei endra i 1916/1917, då Sygnesand blei utskilt som eigen krins og fekk sin eigen lærar.

Mot slutten av 1930-tallet fekk krinsa eit nytt namn. I protokollane og møtebøkene står krinsa oppført som Kjøsnesfjorden. Fortsatt omfatta krinsa gardane: Sygnesand, Lunde og Ripe. Krinsa blei på midten av 1950-tallet nedlagt og borna blei overført til Vika skulekrins. Då den nye sentralskulen på Skei var opningsklar i 1960, blei elevane frå Kjøsnesfjorden overført til denne skulen. Dette var ein del av den omfattande sentraliseringsprosessen i Jølster kommune på 1950- og 1960-tallet.

Skulehus

Sjølv om dei fleste krinsane i Jølster fekk på 1890-talet skulehus, så fortsette man på Sygnesand krins å bruke «leiede lokaler». Ifølge Jølster skulestyre var dette: «for det meste almindelige sperrestuer, der i regelen er noksaa sunde og afgiver taaligt rum i forhold til barnetallet». Skulestyre meinte også at det ikkje var nødvendig å bygga eit skulehus, då talet på elevar berre var lågt.

Det var fyrst i 1947 at krinsa vart samde om at eit skulehus skulle byggast i Kjøsnesfjorden. Dei bad Jølster skulestyre om ikkje det gamle skulehuset i Sandal kunne flyttast til krinsa. Antakeleg blei dette gjennomført i 1952, då huset er fyrste gong nemnd i møteboka.

Skuledagen

Skulevegen

Lærarar

Etternamn Fornamn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Møkelbust O.J Sunde 1836 1840?
Christensen Ole Sunde 1855 1858?
Olsen Daniel Sunde 1859 1860?
Ellasson Fond Anton 1866 Sunde og Sygnesand 1888 1893 Stord 1887
Fossheim Elias 1846 Sunde og Sygnesand 1894,1903 1897,1912 Utdanning Balestrand 1867 og Stord 1870 Var lærar i to perioder i krinsa: 1894-1897 og 1903-1912
Øgaard Andreas 1872 Sunde og Sygnesand 1897 1902 Volden 1887
Andersson Klakegg Johannes 1887 Sunde og Sygnesand 1912 1916 Volda 1911
Huslid Maria Severine 1899 Sygnesand 1992 1923 Volda 1920
Hole Lunde Malmfrid 1901 Sygnesand 1923 1954? Volda 1923
Fossheim Dagrun 1923 Sygnesand 1944 1945 Vikar
Fluge Kristianne 1902 Sygnesand 1947 1948 Volda 1924 Vikar
Halse? Agnar Sygnesand 1954 1955
Sårheim Almveig Sygnesand 1958

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

  • Dagbok for Sunde og Sygnesand 1880-1903
  • Dagbok for Sunde og Sygnesand 1903-1943
  • Dagbok for Kjøesnesfjorden 1948-1955, 1957-1958
  • Karakterprotokoll for Gjesdal, Myklebust og Sandal 1833-1860
  • Karakterprotokoll for Sunde og Sygnessand 1897-1960
  • Karakterprotokoll for Kjøsnesfjorden (Sygnesand) 1917-1939, 1946-1958
  • Møtebok for Kjøsnesfjorden (Sygnesand) 1917-1954


Koordinater: 61.520891° N 6.585308° Ø