Sylfest Bræck: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Ny artikkel)
(Ingen forskjell)

Sideversjonen fra 17. nov. 2023 kl. 04:22

Sylfest (Sylvester, Sølfest) Bræck (fødd i Skjåk 10. juni 1842, død i Oslo 9. september 1931) var lærar, pianostemmar, instrumentmakar og forretningsmann.

Bakgrunn og familie

Han var fødd og oppvaksen på Nedre Brekk, ein mellomstor gard på Bersustrond i Skjåk. Foreldra var gardbrukarparet Rasmus Rasmusson Bræk (29.08.1810–21.10.1871) og hustru Lene Sylfestsdotter (fødd 1815). Ved sida av å vere gardbrukar var faren lærar og kyrkjesongar.

Sylfest var den tredje i rekkja av ein syskenflokk på ni, fødde i tidsrommet 1837–1858. (Sjå oversyn i artikkel om systera Lina Breck.) Desse syskena utmerka seg ved utradisjonelle val av yrke og livsbaner. Det gjeld kanskje ikkje i så utprega grad lærarutdanninga til Sylfest, men derimot det musikkorienterte som han satsa på det meste av sitt yrkesaktive liv.