Sylfest Bræck

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Garden Nedre Brekk i Skjåk. Her var Sylfest og hans åtte sysken fødde og oppvaksne. Biletet er udatert, men må vere teke seinast 1957.

Sylfest (Sølfest, Sylvester) Bræck (fødd i Skjåk 10. juni 1842, død i Oslo 9. september 1931) var lærar, pianostemmar, instrumentmakar og forretningsmann.

Bakgrunn og familie

Han var fødd og oppvaksen på Nedre Brekk (gnr. 8/1), ein mellomstor gard på Bersustrond i Skjåk. Foreldra var gardbrukarparet Rasmus Rasmusson Bræk (1810–1871) og hustru Lene Sylfestsdotter (fødd 1815). Ved sida av å vere gardbrukar var faren lærar og kyrkjesongar.

Sylfest var den tredje i rekkja av ein syskenflokk på ni, fødde i tidsrommet 1837–1858. (Sjå oversyn i artikkel om systera Lina Breck.) Desse syskena utmerka seg ved utradisjonelle val av yrke og livsbaner. Det gjeld kanskje ikkje i så utprega grad lærarutdanninga til Sylfest, men derimot det musikkorienterte som han satsa på det meste av sitt yrkesaktive liv.

Sylfest Bræck var ugift.

Utdanning og lærargjerning

Han gjekk lærarskule i Tromsø og vart uteksaminert derifrå i 1867. Men allereie før det hadde han verka som lærar på Karlsøy i Troms. Etter lærareksamenen var han tilsett ved O.H. Kvams private betalingsskule, som etter Kvams død i 1871 vart omgjort til kommunal betalingsskule i Tromsø.

Innan folketeljingstidspunktet 31. desember 1875 har Bræck flytta til Kristiania. Da har han gått over til ny leveveg som «Pianostemmer» som det står i yrkesrubrikken i folketeljinga. På den andre sida er han titulert som «skolelærer» da han stilte opp som fadder i ein barnedåp som fann stad i august 1876.[1]

Musikalsk entreprenør

Sylfest Bræck si verksemd innført i Handelsregisteret 1905 med Sylfest som disponent.

I kjeldematerialet etter 1876 skiftar yrkesnemninga mellom pianostemmar og instrumentmakar. I folketeljinga 1891 er det også tilføygd «Snedker» til «Instrumentmager». Bræck var openbert musikalsk, og dertil fingernæm og handverkskunnig. Han skal ha hatt ein reparasjonsverkstad for brukte piano, og dreiv også med utsal og leige og jamvel tilverking av instrument. At instrumentmakeriet kan ha dreia seg om å byggje piano, har vi ein indikasjon på i ein kyrkjebokinnførsel der Sylfest er fadder i 1893. Der er han omtala som «Pianofabrikant».[2]

I 1905 vart verksemda organisert som aksjeselskap med føremål å drive kjøp, sal og utleige av piano under namnet Kristiania Pianolager. Sylfest var disponent i firmaet, medan broren Kristoffer og industrigründaren Hartvig Bache-Wiig utgjorde styret ved oppstarten.[3] (Bache-Wiig var svigerfar til ein nevø av Sylfest og Kristoffer, pastor Jens Ragnvald Lexow Breck.)

I 1924, da var han 82 år gammal, selde Sylfest forretninga og trekte seg attende på oppspara midel.

Referansar

Kjelder og litteratur