Sylfest Bræck: Forskjell mellom sideversjoner

utbygging
(Ny artikkel)
 
(utbygging)
Linje 1: Linje 1:
'''[[Sylfest Bræck|Sylfest (Sylvester, Sølfest) Bræck]]''' (fødd i [[Skjåk]] 10. juni 1842, død i Oslo 9. september 1931) var lærar, pianostemmar, instrumentmakar og forretningsmann.  
{{Under samarbeid}}
'''[[Sylfest Bræck|Sylfest (Sylvester, Sølfest) Bræck]]''' (fødd i [[Skjåk]] 10. juni 1842, død i [[Oslo]] 9. september 1931) var lærar, pianostemmar, instrumentmakar og forretningsmann.  


== Bakgrunn og familie ==
== Bakgrunn og familie ==
Linje 5: Linje 6:


Sylfest var den tredje i rekkja av ein syskenflokk på ni, fødde i tidsrommet 1837–1858. (Sjå oversyn i artikkel om systera [[Lina Breck]].) Desse syskena utmerka seg ved utradisjonelle val av yrke og livsbaner. Det gjeld kanskje ikkje i så utprega grad lærarutdanninga til Sylfest, men derimot det musikkorienterte som han satsa på det meste av sitt yrkesaktive liv.
Sylfest var den tredje i rekkja av ein syskenflokk på ni, fødde i tidsrommet 1837–1858. (Sjå oversyn i artikkel om systera [[Lina Breck]].) Desse syskena utmerka seg ved utradisjonelle val av yrke og livsbaner. Det gjeld kanskje ikkje i så utprega grad lærarutdanninga til Sylfest, men derimot det musikkorienterte som han satsa på det meste av sitt yrkesaktive liv.
Sylfest Bræck var ugift.
== Utdanning og lærargjerning ==
Han gjekk [[Tromsø lærerhøgskole|lærarskule i Tromsø]] og vart uteksaminert derifrå i 1867. Men allereie før det hadde han verka som lærar på [[Karlsøy]] i Troms. Etter lærareksamenen var han tilsett ved [[O.H. Kvams skole|O.H. Kvams private betalingsskule]], som etter Kvams død i 1871 vart  omgjort til kommunal betalingsskule i Tromsø.
Innan folketeljingstidspunktet 31. desember 1875 har Bræck flytta til Kristiania. Da har han gått over til ny leveveg som «Pianostemmer» som det står i yrkesrubrikken i folketeljinga. På den andre sida er han titulert som «skolelærer» da han stilte opp som fadder i ein barnedåp som fann stad i august 1876.
== Musikalsk entreprenør ==
I kjeldematerialet etter 1876 skiftar yrkesnemninga mellom pianostemmar og instrumentmakar. I folketeljinga 1891 er det også tilføygd «Snedker» til «Instrumentmager». Bræck var openbert musikalsk, og dertil fingernæm og handverkskunnig. Han skal ha hatt ein reparasjonsverkstad for brukte piano, og dreiv også med utsal og leige og jamvel tilverking av instrument. At instrumentmakeriet kan ha dreia seg om å byggje piano, har vi ein indikasjon på i ein kyrkjebokinnførsel der Sylfest er fadder i 1893. Der er han omtala som «Pianofabrikant».
I 1905 vart verksemda organisert som aksjeselskap med føremål å drive kjøp, sal og utleige av piano under namnet [[Kristiania Pianolager]]. Sylfest var disponent i firmaet, medan broren Kristoffer og industrigründaren [[Hartvig Bache-Wiig]] utgjorde styret ved oppstarten.<ref>Norsk Kundgjørelsestidende 28.10.1905.</ref> (Bache-Wiig var svigerfar til ein nevø av Sylfest og Kristoffer, pastor [[Jens Ragnvald Lexow Breck]].) 
I 1924, da var han 82 år gammal, selde Sylfest forretninga og trekte seg attende på oppspara midel.
== Referansar ==
<references/>
== Kjelder og litteratur ==
Veiledere, Administratorer
9 136

redigeringer