Sylvester Sivertson: Forskjell mellom sideversjoner

Justering/korrigering
m (kategorisplitting)
(Justering/korrigering)
Linje 8: Linje 8:
Sylvester var fødd i [[Øyberget]], eit småbruk som foreldra dreiv frå 1806 til 1811, da familien flytta til [[Hyrve]], som var farsgarden til Syver. Sylvester hadde i alt [[Anne Olsdotter Hyrve#Familie og livsløp|fem sysken]], men to av dei nådde ikkje vaksen alder. Sylvester var ugift all sin dag.
Sylvester var fødd i [[Øyberget]], eit småbruk som foreldra dreiv frå 1806 til 1811, da familien flytta til [[Hyrve]], som var farsgarden til Syver. Sylvester hadde i alt [[Anne Olsdotter Hyrve#Familie og livsløp|fem sysken]], men to av dei nådde ikkje vaksen alder. Sylvester var ugift all sin dag.


Han viste tidleg gode intellektuelle evner. Det haugianarnettverket som foreldra var ein del av, vart til god hjelp da det vart spørsmål om å skaffe guten skulegang ut over allmugeskulen. Han var mellom anna ein vinter i skule hjå haugianaren [[Lars Jensen (1784-1852)|Lars Jensen]] på [[Ringsaker]], som seinare vart stortingsmann. I 1828 var Sylvester i [[Trondheim]] og arbeidde som betjent hjå kjøpmann [[Ole Dahl]] der. Ved eit seinare opphald i Trondheim hadde han fri kost og losji hjå storbonden og forretningsmannen [[Michel N. Grendahl]], som også vart stortingsmann. Dahl og Grendahl var i likskap med Lars Jensen landskjende haugianarar. Ved det siste Trondheims-opphaldet fekk Sivertson undervisning av adjunkt, seinare sokneprest i [[Ørskog]], [[A. H. Kaurin]]. Venteleg i ein mellombolk mellom dei to Trondheims-opphalda, på slutten av 1820-talet, budde han eit par år heime på Hyrve. (Kronologien her er litt uklår.) Frå denne tida i Skjåk er det kjent at han stundom kalla i hop folk på Hyrve for å halde politiske debattmøte. Systera hans, Guro (fødd 1819), mintest dette frå barndomen: «Han samla av dei forstandigaste mennom uppå søre stugun; da heldt døm 'storting', og den som tala, skulle reise seg.» (Sitert etter Guros barnebarn, [[Gunnhild Blekastad]] i 1968.)
Han viste tidleg gode intellektuelle evner, og fekk høve til skulegang langt ut over den lokale omgangsskulen, heilt fram til universitetsstudium. Fyrst fekk han visstnok privatundervisning hjå [[N. B. Flood]], kapellan i Vågå 1825-1827. Ein pastor Steen skal ha rådd foreldra til å sende guten til lærar og kyrkjesongar, seinare stortingsmann [[Lars Jensen (1784-1852)|Lars Jensen]] på [[Ringsaker]]. Der var Sylvester ein vinter. Det haugianarnettverket som foreldra var ein del av, har utvilsamt vore til god hjelp for han på hans vidare løpebane. I 1828 var han i [[Trondheim]] og arbeidde som betjent hjå kjøpmann [[Ole Dahl]] der. Dahl var ein landskjend haugianar. Ved eit seinare opphald i Trondheim hadde Sylvester fri kost og losji hjå storbonden, forretningsmannen og stortingsmannen [[Michel N. Grendahl]]. Plassen hjå Grendahl var det hans gamle velgjerar frå Vågå, nå sokneprest i [[Kvikne]] i [[Nord-Østerdalen]] N. B. Flood, som hadde skaffa han. I likskap med Dahl var Grendahl ein velkjend person innan haugianarrørsla. Ved det siste Trondheims-opphaldet fekk Sylvester undervisning av adjunkt, seinare sokneprest i [[Ørskog]], [[A. H. Kaurin]]. Venteleg i ein mellombolk mellom dei to Trondheims-opphalda, på slutten av 1820-talet, budde Sylvester eit par år heime på Hyrve. (Kronologien her er litt uklår.) Frå denne tida i Skjåk er det kjent at han stundom kalla i hop folk på Hyrve for å halde politiske debattmøte. Systera hans, Guro (fødd 1819), mintest dette frå barndomen: «Han samla av dei forstandigaste mennom uppå søre stugun; da heldt døm 'storting', og den som tala, skulle reise seg.» (Sitert etter Guros barnebarn, [[Gunnhild Blekastad]] i 1968.)


Også eit par prestar hjelpte til med å skaffe guten eit skuletilbod. Det gjeld ein [[pastor Steen]] som var den som rådde foreldra til å sende guten til Lars Jensen. Sokneprest [[N. B. Flood]] i [[Kvikne]] i [[Nord-Østerdalen]], tidlegare (1825-1827) kapellan i [[Vågå]], skal både sjølv ha gjeve Sivertson undervisning og deretter ha hjelpt han til plass hjå Grendahl i Trondheim.
Utdanningshistoria er elles ikkje kjend i detalj, men Sylvester Sivertson var iallfall student i Christiania frå 1832. Han fullførde rett nok aldri noko universitetsstudium.  
 
Sylvester Sivertson var student i Christiania frå 1832, men fullførde aldri noko studium.  


== Synet på haugianismen ==
== Synet på haugianismen ==
Veiledere, Administratorer
9 134

redigeringer