Synnestvedt (offisersslekt)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 16. feb. 2014 kl. 15:39 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Mellomlagring)
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Synnestvedt er eit familienamn som på 1700- og 1800-talet vart brukt av ei slekt med eit uvanleg stort innslag av offiserar og underoffiserar i fleire generasjonar. Det gjeld etterkomarane til Torbjørn Olavsson Synnestvedt (1688-1766), bondeson frå Sygnestveit i Ulvik i Hardanger og hans fyrste kone, Johanne Henriksdotter Stub frå Kristiansand (1691-1733). Torbjørn Olavsson vart underoffiser under Elleveårskrigen 1709-1720, og sidan gjestgjevar på Sandven i Kvam. Ein av sønene deira vart offiser, ein annan sersjant. I generasjonen deretter vart tre brør velkjende offiserar. Slekta var i all hovudsak knytta til Vestlandet, med konsentrasjon i Hordaland og på Sunnmøre.

Opp or allmugen

Frå og med Torbjørn Olavsson brukte slekta Synnestvedt som etternamn, enda om dei ikkje lenger hadde anna enn slektstilknytinga til garden Sygnestveit, men hadde fått rotfeste i heilt andre bygder og byar. Fast familienamn var på denne tida uvanleg blant allmugen, og eit nesten sikkert teikn på at familien vart rekna til dei kondisjonerte, eller at dei skilde seg ut f.eks. ved innvandringsbakgrunn, utan nødvendigvis å tilhøyre nokor overklasse. Som underoffiser og gjestgjevar skilde Torbjørn Olavsson seg allereie noko ut frå den allmugen han kom frå. Offiserane høyrde definitivt til dei kondisjonerte stender. Synnestvedt-offiserane på 1700- og det tidlegaste 1800-talet brukte jamvel stundom adelsmerket «von» (von Synnestvedt). Det hadde dei full rett til å gjere. Som offiser og embetsmann som stod i rangen hadde du eit formelt adelskap. Offiserane hadde jamvel fått spesielt kongeleg løyve til nettopp å nytte «von» i namnet.[1]

Under krigane på 1600-talet, og ikkje minst under den store nordiske krigen dei fyrste to tiåra på 1700-talet, vart behovet for befal mykje større enn det den tradisjonelle verjestanden, adelen, kunne forsyne kongen med. Mange offiserar kom frå Tyskland og Danmark, gjerne med heller smålåten sosial bakgrunn. Så var det ein del dugande krigarar i rekkjene av bondesoldatar som vart gjevne opplæring fyrst og fremst som underoffiserar, og som i somme tilfelle vart opphøgde i offisersstanden. Eller spranget inn i offisersstanden kunne gjerast over ein generasjon: ein bonde som vart underoffiser hadde søner som vart offiserar. Det var altså tilfelle med slekta frå Sygnestveit.

Ein meir eksklusiv embetsstand

Seinare på 1700-talet utvikla offisersstanden seg til å bli ein embetsetat, ein integrert del av det stadig fastare organiserte statsbyråkratiet under det seinare eineveldet. Offisersstanden vart meir og meir sjølvrekrutterande, dvs. at det var offiserssøner som vart offiserar, slik det også vart etter ein eller to generasjonar i Synnestvedt-slekta. Elles fekk offisersstanden tilsig av nye offiserar frå den sivile embetsstanden og litt frå det høgare borgarskapet. Ikkje minst henta mange offiserar ektefeller frå desse ikkje-militære kondisjonerte stender. Det ser ein også mange døme på i Synnestvedt-slekta.

Alle offiserane vi har kjennskap til med namnet Synnestvedt har vore knytta til hæravdelingar og embete i Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal eller Trøndelag.

Slektsoversyn

Far til Torbjørn Olavsson var Olav Torsteinsson (1645-1709) frå Torblå i Ulvik. Mora varAnne Torkjellsdotter (1652-1742), enkje på Sygnestveit. Dei to hadde gifta seg i 1674, og dei var gardbrukarar på garden hennar. Dei fekk 10 born, og Torbjørn Olavsson Synnestvedt var nummer sju i syskenflokken var. Frå og med Torbjørn Olavsson ser slektstavla slik ut:

A. Torbjørn Olavsson Synnestvedt (1688-1766), underoffiser, gjestgjevar, fødd på Sygnestveit Ulvik, busett fyrst på Kaldestad i Kvam i Hordaland, så frå 1726 på Sandven (Grovi) i same bygda. Gift 1. gong 1719 med Johanne Henriksdt. Stub frå Kristiansand (1691-1733). Gift 2. gong 1736 med Maritha Johannesdt. Aarhus (1693-1771), Kvam.

Born B.1-4:

B.1 Olav (1720-1773), ugift, på Tysse i Samnanger.
B.2 Ludvig Torbjørn Synnestvedt (1724-1799). Offiser. Fødd i Kvam 1724, død på Relling i Norddal 1799). Gift 1. gong 1747 med Gjertrud Johanne Urbanusdt. Gietzman (1722-?), Gjermundshamn i Kvinnherad. Ho var dotter til gjestgjevar Urbanus Ottesen Gietzman (1690-1741) og Dorothea Christiansdt. Lamberg (1697-?)Gift 2. gong 1776 med Anne Elisabeth Hansdt. Reutz, Norddal, dotter til gullsmed og bonde Hans Jørgen Magnussen Reutz på Engeset (1706-1766) og Agneta Cecilia Foss (1703-1786)
Born C.1-9:
C.1 Karen (1749-1840), ugift
C.2 Torbjørn Ludvig Synnestvedt (1754-1829). Offiser. Fødd på Odland i Samnanger, død i Bergen. Gift med Sofie von Tauentzien (1761-) (dotter til major Hans Jørgen Tauentzien og Marie Frederikke Cool eller Kroll.)[2].
Born: D.1
D.1 Hanna Frederikke (1796-?)
C.3 Otto Christian Synnestvedt (1756-1789). Offiser. Fødd i Os, død på Lønning i Fana Gift med Anna Magdalena Milling. Ein son (namn?) som vart buande i Fana.
C.4 Dorothea, død i Norddal 1818, ugift.
C.5 Johanne, gift og fleire born.[3]
C.6 Hans Jørgen Reutz Synnestvedt.(1777-1841), offiser, stortingsmann, vegmeister, krigskommissær, fyrste ordførar i Bolsøy (nåverande Molde kommune). Gift 1803 med Marie Gertrude Nicolaidt. Astrup (1780-1827) dotter av sokneprest i Ørskog Nicolai Astrup.
Born D.1-10
D.1 “N.S.” [NICOLAI SYNNESTVEDT?] premierløytnant , åtte Årø, flytta til Frankrike. Fekk Årø ved skifte etter faren 1841, hadde den i åtte år.[Olafsen-Holm, J. 1948:344] Kjølås/Waksvik 1969:323 NIKOLAY CHRISTIAN, student ved skiftet etter bestemor Astrup 1829)
D.2 LUDVIG ANTON (1804-?) løytnant ved skifte etter bestemor Astrup 1829
D.3 Magnus Urbanus (1807-?) Kjølås/Waksvik 1969:323 : ”f.t. i Frankrike” ved skifte etter bestemor Astrup 1829
D.4 Torbjørn Christian. Kjølås/Waksvik 1969:323 : student ved skifte etter bestemor Astrup 1829
D.5 Niels Diedrich Kjølås/Waksvik 1969:323 : p.t. Trondheim ved skifte etter bestemor Astrup 1829

(sønene i alderen 26-15 år i 1829)

D.6 Cicilie Margrethe, 23 år 1829, teneste hjå faren som er krigskommissær og bur på Molde)
D.7 Ulrikke Mathilde, 17 år i 1829
D.8 Hanna Marie 16 år i 1829
D.9 Kristine Margrethe 11 år i 1829
D.10 Henninge Dorothea (6 år i 1829)



Kjelder og litteratur

Referansar

  1. Bilsted, H.F. 1904.
  2. Ovenstad
  3. Norddal 1997:598