Syver Bræck: Forskjell mellom sideversjoner

3 682 byte lagt til ,  23. nov. 2023
korr
(Opprettar artikkel)
 
(korr)
 
(4 mellomliggende versjoner av en annen bruker er ikke vist)
Linje 1: Linje 1:
{{thumb|Tannlegeforening 1886.PNG|Frå møte i Den skandinaviske tannlegeforening 1886. Alle dei fire tannlegesyskena Bræck og Bræck Aurlie er med her. Syver i den ståande rekka som nr. 3 frå venstre. (Ståande: Gudbrand Julius nr. 6, Hans (Aurlie) nr. 9. Systera Lina er nr. 3 frå venstre i den sitjande rekka.) For komplett namneliste: Klikk på biletet og vidare til kjelda.|Ukjent.}}
'''[[Syver Bræck|Syver Rasmusson Bræck]]''' (fødd i [[Skjåk]] 24. januar 1850, dødsdato og -stad ukjent) var tannlege, og før det m.a. handelsbetjent. Han emigrerte til Russland og/eller Finland, og ikkje så mykje er kjent av livshistoria hans elles. Som det heiter i ein særs knapp biografi i ''Norges tannleger'' 1929: «Hvis han lever bor han sannsynligvis i Finnland.»
'''[[Syver Bræck|Syver Rasmusson Bræck]]''' (fødd i [[Skjåk]] 24. januar 1850, dødsdato og -stad ukjent) var tannlege, og før det m.a. handelsbetjent. Han emigrerte til Russland og/eller Finland, og ikkje så mykje er kjent av livshistoria hans elles. Som det heiter i ein særs knapp biografi i ''Norges tannleger'' 1929: «Hvis han lever bor han sannsynligvis i Finnland.»


Linje 7: Linje 8:


Vi kjenner ikkje til korvidt Syver stifta eigen familie.
Vi kjenner ikkje til korvidt Syver stifta eigen familie.
== Utdanning og yrke ==
Han tok norsk tannlegeeksamen i 1882, same året som den to–tre år eldre broren [[Hans Bræck Aurlie|Hans]]. På eit bilete frå ei samankomst i den skandinaviske tannlegeforeininga i juli 1886 er Syver Bræck med, i likskap med dei  tre andre tannlegesyskena. I namnelista til biletet er Syver markert som «Bræck, S.R. [[Egersund]].» Det har ikkje lykkast å stadfeste praksisen i Rogalands-byen.  Men vi har venteleg eit spor  i ein annonse i [[Egersundsposten]] den 15. mai 1886, der ein «Tandlæge Brock» melder at han er komen til byen og installert på Hotel Jæderen.<ref>[https://www.nb.no/items/69a18dc018ab001b0a47f3ac0b431a98?page=3&searchText=%22Brock%22 Egersundsposten 15.5.1886.]</ref> Det blir også gjort merksam på at det berre skal vere eit kort opphald. Tandlæge Brock har da eit par gonger i løpet av vinteren og våren hatt små annonser om at han skal kome til byen.<ref>[https://www.nb.no/items/393fd1d4689616f7e2de3b10ef8c9a4d?page=3&searchText=%22Tandl%C3%A6ge%22  T.d. Egersundsposten 10.2.1886]</ref> Det er ikkje urimeleg å tru at «Brock» er feilskrive for Bræck sjølv om det står ukorrigert på trykk fleire gonger.
Syver var 32 år gammal da han tok tannlegeeksamenen. Korleis og av kva har han levd dei føregåande åra som vaksen? Han budde som 15-åring enno heime i Brekk på folketeljingstidspunktet 1865.<ref>[https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038057000174 Folketeljinga 1865.]</ref> Fem år seinare er han å finne i kjøpstadsteljinga for Tromsø.<ref>[https://www.digitalarkivet.no/ft60044708000135 Folketeljing 1870 Tromsø.]</ref> Der er førenamnet skrive Sivert, men han er fødd i 1850 i Lom (prestegjeld). Det står rett nok også at han er gift, noko som neppe er rett. (Feilen kan lett forklarast med slurv frå teljingsføraren si side, sidan den førehandstrykte «g» for gift ikkje er korrigert for Siverts vedkomande.) Ved folketeljinga 1875 er opplysningane fyldigare.<ref>[https://www.digitalarkivet.no/ft20110208610788  Folketeljinga 1875.]</ref> Der er Syver (framleis skrive Sivert) opplista som ugift «[[Tyende]]» og «Betjent» i hushaldet til kjøpmann [[C.F. Dreyer]].
Vi merkar oss her ein spesiell detalj, nemleg at fru Dreyer er fødd i Arkangelsk. Vi skal ikkje sjå bort frå at Bræck sin seinare emigrasjonen til Russland kan ha vore inspirert av opphaldet i Tromsø. Tromsø var forresten ein stad som familien kjende godt til, sidan to av brørne til Syver hadde lærarskulen derifrå ([[Sylfest Bræck|Sylfest]] uteksaminert 1867, [[Kristoffer Bræck|Kristoffer]] 1871).
== Referansar ==
<references/>
== Kjelder og litteratur ==
*Bjerke, Nils: ''Norges tannlæger''. Utg. Hanche. 1929. {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2011021506050}}.
*Sollund, Arne. ''Norske tannlegeforening gjennom 100 år''. Utg. Tannlegeforeningen. 1984. {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2016071848045}}.
*''Ættebok for Skjåk'' Band 1. H. H. Neumann og Erling Bruheim: ''Skjaaks slægter. Alfabetisk ordnet efter gaardsnavnene''. 1946.  {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2010062906008}}. (Side 27)
{{DEFAULTSORT:Bræck, Syver}}
[[Kategori:Personer]]
[[Kategori:Tannleger]]
[[Kategori:Fødsler i 1850]]
[[Kategori:Skjåk kommune]]
[[Kategori:Tromsø kommune]]
{{nn}}
[[Kategori:Eigersund kommune]]