Tøger Ottoson Snøtun

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 9. nov. 2010 kl. 11:22 av Oddloho (samtale | bidrag) (Ny side: '''Tøger Ottoson Snøtun''' (fødd kring 1700, død kring 1760) var frå garden Sperla i Jostedalen i Sogn og Fjordane. Han gifte kring 1725 med Gu…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Tøger Ottoson Snøtun (fødd kring 1700, død kring 1760) var frå garden Sperla i Jostedalen i Sogn og Fjordane. Han gifte kring 1725 med Gunnhild Andersdotter frå Snøtun, og dei tok over styringa av garden kring 1725. Tøger vart fyrste sjølveigaren på Snøtun då han 25. oktober 1757 kjøpte garden av Gerhard Munthe (sjå òg Eigedomstilhøve i Jostedalen før 1800).

Frå 1734 til 1758 var han lensmann i Jostedalen. Jon Laberg (s. 59) meiner at han "rådde heldest som ein herse i dalen". Særleg kom han i ein kvass og langvarig strid med sokneprest Matthias Foss, som mellom anna kom for dagen gjennom eit par prosterettssaker.

Tøger og Gunnhild fekk fem born i lag:

  • Anders Tøgerson /1725-1782), gardbrukar på Bjørk
  • Kari Tøgersdotter (1728-1783), gardbrukarkone på Fur i Luster
  • Otto Tøgerson Snøtun (1731-1805), som tok over både garden og lensmannsombodet etter faren
  • Torborg Tøgersdotter (1733-1771), gardbrukarkone på Sønnesyn i Hafslo
  • Lars Tøgerson /1735-1795), gardbrukar på Kruna

Litteratur

  • Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding om bygdi og folket der. Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn (nr. 11), 5-85. (digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 851. (Digital utgåve, NBdigital)