Tømmerkåte: Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
(Grillkåter/grillhytter) |
||
Linje 5: | Linje 5: | ||
<onlyinclude>I ei typisk, kvadratisk tømmerkåte danar taket ei firkanta pyramideform ([[valmtak]]) med ein meir eller mindre kvadratisk til rektangulær [[ljore]] øvst. Taket er tekt med fleire lag never, og oppå nevra att er det ofte lagt eit lag med kraftige halvkløyvingar som held nevra på plass. Desse halvkløyvingane er ofte lause, slik at ein kan ta dei av for å reinske opp nevra og late ho tørke av og til. </onlyinclude> | <onlyinclude>I ei typisk, kvadratisk tømmerkåte danar taket ei firkanta pyramideform ([[valmtak]]) med ein meir eller mindre kvadratisk til rektangulær [[ljore]] øvst. Taket er tekt med fleire lag never, og oppå nevra att er det ofte lagt eit lag med kraftige halvkløyvingar som held nevra på plass. Desse halvkløyvingane er ofte lause, slik at ein kan ta dei av for å reinske opp nevra og late ho tørke av og til. </onlyinclude> | ||
<onlyinclude>Tømmerkåter er særlig vanlig i [[umesamar|umesamisk]] og til dels [[pitesamar|pitesamisk]] kultur, men finst òg ein del plassar i [[Finland]] og [[Russland]]. </onlyinclude> | <onlyinclude>Tømmerkåter er særlig vanlig i [[umesamar|umesamisk]] og til dels [[pitesamar|pitesamisk]] kultur, men finst òg ein del plassar i [[Finland]] og [[Russland]]. Ei moderne utgåve av den samiske tømmerkåta blir produsert under namnet «grillkåte» eller «grillhytte». </onlyinclude> | ||
== Namn == | == Namn == |
Sideversjonen fra 7. feb. 2014 kl. 10:11
Ei tømmerkåte (Mal:Sv. timmerkåta) er ein hovudsaklig skogssamisk kåtetype der den steinsette ringen ved ytterveggen har vorte erstatta av eit rettsida fundament av lafta stokkar. Typisk sett er fundamentet kvadratisk, men seks- og åttekanta fundament førekjem òg. Tømmerkassen er typisk sett 2–3 omfar høg. I eldre tid blir det hevda at bogestongskonstruksjon inni tømmerkassen var vanlig, men slik vi kjenner desse kåtene i dag, så har dei eit meir konvensjonelt sperre- og åssystem.
I ei typisk, kvadratisk tømmerkåte danar taket ei firkanta pyramideform (valmtak) med ein meir eller mindre kvadratisk til rektangulær ljore øvst. Taket er tekt med fleire lag never, og oppå nevra att er det ofte lagt eit lag med kraftige halvkløyvingar som held nevra på plass. Desse halvkløyvingane er ofte lause, slik at ein kan ta dei av for å reinske opp nevra og late ho tørke av og til.
Tømmerkåter er særlig vanlig i umesamisk og til dels pitesamisk kultur, men finst òg ein del plassar i Finland og Russland. Ei moderne utgåve av den samiske tømmerkåta blir produsert under namnet «grillkåte» eller «grillhytte».
Namn
Etterleddet er det vanlige samiske gåetie/gåhte/goahte/goahti, med tømmer- som førsteledd: dimpere-gåetie (Mal:Sørsam.), dimbargåhte (Mal:Pites.), dimbargoahte (Mal:Lules.), dimbbargoahti (Mal:Nords.).
På lulesamisk blir tømmerkåta òg kalla dimbargábmá.