Ljore

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Riehpene (ljore) i sørsamisk gåetie i Fatmomakke i Vilhelmina kommun.
Foto: Olve Utne

Ein ljore (nyn./bokm./sv.; sv. òg ljure, da. lyre), òg stundom kalla røykhol (sv. rökhål, da. røghul), er ein opning i eller ved taket for å sleppe ut røyk og sleppe inn lys i bygningar og telt med eldstad og utan røykgang. I hus med møne er ljoren gjerne plassert midt på mønet, eventuelt øvst på gavlveggen. I kåter, gammar og lavvoar er ljoren, som på samisk heiter riehpene (sørsam.; umesam. riehpena; pitesam./lules. riehpen), normalt plassert midt på den høgaste delen av taket. Ljoren kan ofte opnast og lukkast enten med ein innvendig skjå av gjennomsiktig materiale som ein regulerer med ei skjåstong eller med ei utvendig treluke som ein kan nå i enten ved ei innvendig skjåstong eller via ein utvendig stige. Det sistnemnte er bl.a. vanlig på sørsamiske kåter.