Tømmerkåte

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 1. nov. 2012 kl. 15:22 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Ny side: <onlyinclude>{{thumb|C07882 Skeppsholmen timmerkaata.jpg|Pitesamisk ''dimbargåhte'' på Skeppsholmen i Arjeplog.|Olve Utne}} Ei '''[[tømme...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Pitesamisk dimbargåhteSkeppsholmen i Arjeplog.
Foto: Olve Utne

Ei tømmerkåte (Mal:Sv. timmerkåta) er ein hovudsaklig skogssamisk kåtetype der den steinsette ringen ved ytterveggen har vorte erstatta av eit rettsida fundament avlafta stokkar. Typisk sett er fundamentet kvadratisk, men seks- og åttekanta fundament førekjem òg. Tømmerkassen er typisk sett 2–3 omfar høg. I eldre tid blir det hevda at bogestongskonstruksjon inni tømmerkassen var vanlig, men slik vi kjenner desse kåtene i dag, så har dei eit meir konvensjonelt sperre- og åssystem.

Interiør av pitesamisk dimbargåhte.
Foto: Olve Utne

I ei typisk, kvadratisk tømmerkåte danar taket ei firkanta pyramideform (valmtak) med ein meir eller mindre kvadratisk til rektangulær ljore øvst. Taket er tekt med fleire lag never, og oppå nevra att er det lagt eit lag med kraftige halvkløyvingar som held nevra på plass. Desse halvkløyvingane er ofte lause, slik at ein kan ta dei av for å reinske opp nevra og late ho tørke av og til.

Tømmerkåter er særlig vanlig i umesamisk og til dels pitesamisk kultur, men finst òg ein del plassar i Finland og Russland.

Namn

Etterleddet er det vanlige samiske gåetie/gåhte/goahte/goahti, med tømmer- som førsteledd: dimpere-gåetie (Mal:Sørsam.), dimbargåhte (Mal:Pites.).

SekskantMal:Ad pitesamisk dimbargåhte.
Foto: Olve Utne

[[kategori:kåtMal:Or]] Mal:Q