Telemarksarkivet: Forskjell mellom sideversjoner
mIngen redigeringsforklaring |
Ingen redigeringsforklaring |
||
Linje 1: | Linje 1: | ||
'''[[Telemarksarkivet]]''' er eit samarbeid mellom dei tre konsoliderte musea i Telemark: [[Telemark Museum]], [[Norsk Industriarbeidermuseum]] og [[Vest-Telemark Museum]]. På oppdrag frå [[Telemark fylkeskommune]] jobbar Telemarksarkivet for å ta vare på og formidle arkiv frå privat sektor. | {{thumb|Logoen til Telemarksarkivet.png|Telemarksarkivet, logo|Telemarksarkivet.no}}'''[[Telemarksarkivet]]''' er eit samarbeid mellom dei tre konsoliderte musea i Telemark: [[Telemark Museum]], [[Norsk Industriarbeidermuseum]] og [[Vest-Telemark Museum]]. På oppdrag frå [[Telemark fylkeskommune]] jobbar Telemarksarkivet for å ta vare på og formidle arkiv frå privat sektor. | ||
==Historikk== | ==Historikk== |
Sideversjonen fra 3. mar. 2017 kl. 12:54
Telemarksarkivet er eit samarbeid mellom dei tre konsoliderte musea i Telemark: Telemark Museum, Norsk Industriarbeidermuseum og Vest-Telemark Museum. På oppdrag frå Telemark fylkeskommune jobbar Telemarksarkivet for å ta vare på og formidle arkiv frå privat sektor.
Historikk
Telemarksarkivet blei lansert 1. september 2015, med prøvedrift frå 1. juli 2015, og er ein forlenging av prosjektet «Privatarkiv i Telemark», PRAKT, som blei gjennomført i 2013 og 2014. Dei tre musea såg behovet for å finne ei felles løysing for bevaring av privatarkiv i regionen, og initiativet fekk økonomisk stønad frå fylkeskommunen.
Arbeidsoppgåvene
Arkivarane i Telemarksarkivet samarbeider om å skape eit «heilskapleg samfunnsminne» gjennom bevaring av privatarkiv. Medan ein i det offentlege er lovpålagt å ta vare på arkiva sine gjennom arkivlova, står ein i private føretak fritt til å kassere arkiv. Slik kan viktig historie gå tapt for ettertida. Telemarksarkivet tilbyr mottak av arkiv dersom ein har kapasitet, og arbeider etter arkivfaglege retningsliner.
Hausten 2016 sette Telemarksarkivet i gang prosjektet "Regional bevaringsplan for privatarkiv i Telemark – utvikling av ei wiki-basert tilnærming".
Organisering
Telemarksarkivet si styringsgruppe består av direktørane frå dei tre musea. Dag Rorgemoen frå Vest-Telemark Museum er styreleiar. I tillegg er Statsarkivet i Kongsberg representert med ein representant.
Arbeidsgruppa består av arkivarar frå dei tre musea. Kjetil Djuve frå Norsk Industriarbeidermuseum er koordinator.
Arkiv
Dei tre musea har per 01.11.2016 over 3 300 hyllemeter arkivmateriale, og over 1200 arkiv er publisert på arkivportalen. Sjå arkivliste for oversikt over publiserte arkiv.
I tillegg sit musea på over 3 350 000 foto. Mange av desse er publisert på Digitalt Museum.
Norges dokumentarv
Frå Telemarksarkivet har to arkivstykke hamna på Norges dokumentarv-liste:
- Svarteboka frå Rjukan Salpeterfabriker, 1911-1926.
- Slekten Aalls arkiv frå Ulefos Hovedgaard, 1665 - 1955.