Telemarksarkivet

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Telemarksarkivet er eit samarbeid mellom dei tre konsoliderte musea i Telemark: Telemark Museum, Norsk Industriarbeidermuseum og Vest-Telemark Museum. På oppdrag frå Telemark fylkeskommune jobbar Telemarksarkivet for å ta vare på og formidle arkiv frå privat sektor.

Historikk

Telemarksarkivet blei lansert 1. september 2015, med prøvedrift frå 1. juli 2015, og er ein forlenging av prosjektet «Privatarkiv i Telemark», PRAKT, som blei gjennomført i 2013 og 2014. Dei tre musea såg behovet for å finne ei felles løysing for bevaring av privatarkiv i regionen, og initiativet fekk økonomisk stønad frå fylkeskommunen.

Arbeidsoppgåvene

Arkivarane i Telemarksarkivet samarbeider om å skape eit «heilskapleg samfunnsminne» gjennom bevaring av privatarkiv. Medan ein i det offentlege er lovpålagt å ta vare på arkiva sine gjennom arkivlova, står ein i private føretak fritt til å kassere arkiv. Slik kan viktig historie gå tapt for ettertida. Telemarksarkivet tilbyr mottak av arkiv dersom ein har kapasitet, og arbeider etter arkivfaglege retningsliner.

Hausten 2016 sette Telemarksarkivet i gang prosjektet "Regional bevaringsplan for privatarkiv i Telemark – utvikling av ei wiki-basert tilnærming".

Organisering

Telemarksarkivet si styringsgruppe består av direktørane frå dei tre musea. Dag Rorgemoen frå Vest-Telemark Museum er styreleiar. I tillegg er Statsarkivet i Kongsberg representert med ein representant.

Arbeidsgruppa består av arkivarar frå dei tre musea. Kjetil Djuve frå Norsk Industriarbeidermuseum er koordinator.

Arkiv

Dei tre musea har per 01.11.2016 over 3 300 hyllemeter arkivmateriale, og over 1200 arkiv er publisert på arkivportalen. Sjå arkivliste for oversikt over publiserte arkiv.

I tillegg sit musea på over 3 350 000 foto. Mange av desse er publisert på Digitalt Museum.

Norges dokumentarv

Frå Telemarksarkivet har to arkivstykke hamna på Norges dokumentarv-liste:

  • Svarteboka frå Rjukan Salpeterfabriker, 1911-1926.
  • Slekten Aalls arkiv frå Ulefos Hovedgaard, 1665 - 1955.

Lenkjer