Terningmoen: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
mIngen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 1: Linje 1:
[[Fil:8 Elverum. Terningmoen - no-nb digifoto 20150731 00297 bldsa PK24720.jpg|miniatyr|''Elverum. Terningmoen'']]
'''[[Terningmoen]]''' er ein militærleir ved [[Elverum]], etablert i 1878 da staten kjøpte området. Tidlegare var det ein del av [[Grindalsmoen]]. Området hadde frå starten ein skoleskytebane på 150 meter. Det vart raskt bygd offisersbrakker, stall og lagerhus. I 1885 vart dei første mannskapsbrakkene bygd. Tidlegare låg mannskapa i telt. Det var overkommeleg fordi øvingane vart gjennomført sommarstid.

Sideversjonen fra 9. des. 2015 kl. 13:00

Elverum. Terningmoen

Terningmoen er ein militærleir ved Elverum, etablert i 1878 da staten kjøpte området. Tidlegare var det ein del av Grindalsmoen. Området hadde frå starten ein skoleskytebane på 150 meter. Det vart raskt bygd offisersbrakker, stall og lagerhus. I 1885 vart dei første mannskapsbrakkene bygd. Tidlegare låg mannskapa i telt. Det var overkommeleg fordi øvingane vart gjennomført sommarstid.

Leiren vart vidare utbygd i 1896 da Infanteriets skyteskole vart flytta hit frå Fredrikstad. I 1905 vart leiren utvida til bataljonsekserserplass. I 1911 vart leiren hovudøvingsplass for Østoppland infanteriregiment nr 5 (IR 5). Regimentsstaben flytta hit frå Hamar i 1928.

Under andre verdskrigen bygde tyskarane leiren vidare ut, slik at øvingskapasiteten auka frå 1500 til 3000 soldatar.

Om Terningmoen i dag på no.wikipedia.

Litteratur

  • Bull, Arne Marensius 2002: Oppland regiment 1657-2002. Elanders Publishing AS s. 451f.