Thor Bakkens Ettf

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 3. jan. 2013 kl. 18:14 av Oddloho (samtale | bidrag) (Ny side: '''Thor Bakkens Ettf''' er ein daglegvarehandel på Gjerde i Jostedalen i Sogn og Fjordane. Butikken er med i Joker-kjeda og er den einaste attverande...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Thor Bakkens Ettf er ein daglegvarehandel på Gjerde i Jostedalen i Sogn og Fjordane. Butikken er med i Joker-kjeda og er den einaste attverande daglegvarebutikken i Jostedalen.

Handelsmennene

Landhandlaren Hans Hansson BjørgeHafslo starta opp handelsverksemda på Gjerde 3. januar 1903. Etter tre år tok Thor Bakken over. Sonen hans, Kristen Bakken (fødd 1920), vart styrar 1. juni 1941 og overtok verksemda 1. januar 1954. Han driv framleis butikken.

Bygningen

Landhandelen vart dei fyrste åra driven i ei gamal stove som før hadde vore nytta som meieri, men Thor Bakken sette etter få år opp ei stove. Ho var ca 20 m2 og vart påbygt til det doble i 1937. Då vart òg loftet innreidd til manufakturhandel. Eit nytt tilbygg kom i 1945 og endå eitt ca i 2003. Butikken vart sjølvbetjent i 1974. Eigedomen vart formelt fråskild i 1954 (sjå meir under Gjerde).

Telefon, post og bensin

Det var telefonsentral i stova frå 19. januar 1918 til automatiseringa i 1978. Frå 1. januar 1943 var Kristen Bakken også postopnar på Gjerde. Postkontoret vart nedlagt i 1987. Sidan 1956 har det også vore bensinstasjon knytt til butikken, i dag er dette ei kortpumpe.

Kjelder