Tingvoll
Hopp til navigering
Hopp til søk
Tingvoll er ein tettstad og administrasjonssenter i Tingvoll kommune i Møre og Romsdal. Det bor drygt tusen personer i tettstaden. Lokalt vert staden ofte kalla Tingvollvågen, utan at det er sendt inn noko forslag om namneendring i stadnamnregisteret.
Tingvoll kyrkje vart reist omkring 1180. Tingvoll bygdemuseum held til i utkanten av tettstaden.
Stadnamnet viser til ein voll eller ei slette der tinget vart halde.
Kjelder
- Tingvoll - tettstedet i Store norske leksikon.
- Tingvoll i Store norske leksikon.
- Faktaark fra Kartverket
- Statistisk sentralbyrå: Tabell 1. Tettsteder. Folkemengde og areal, etter kommune. 1. januar 2012
Koordinater: 62.91309° N 8.20551° Ø