Tohjulingar og spesialmaskiner i landbruk og hagebruk: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Linje 728: Linje 728:
====Bilde av BASCO-motor====
====Bilde av BASCO-motor====
<gallery>
<gallery>
 
Bilde:BASCO 6 HK grå serie.JPG|BASCO 6 HK grå serie
</gallery>
</gallery>



Sideversjonen fra 30. jul. 2010 kl. 20:33

Motorslåmaskin Rapid Rex
Foto: Oddvar Høydalsvik

Denne sida - Tohjulingar og spesialmaskiner i landbruk og hagebruk - er meint som eit dugnadsprosjekt i tråd med tanken bak nettstaden lokalhistoriewiki.no. Særleg i tiåra etter krigen - da motoriseringa av landbruket starta for fullt - har det eksistert eit stort antal slike maskiner, og mange av dei gjekk igjennom ei utvikling med mange forbetringar. Det kan dermed finnast mange typar slike maskiner. I dag er det ikkje så mange av dei som er i aktivt bruk, men dei kan stå att i låvar og skur og vere ukjente for yngre generasjonar.

I dette stykket er det starta opp ein faktaboks for nokre merke/produsentar av slike maskiner med biletgalleri under kvar boks. Ferdig boks for nye merke/maskiner til kopiering ligg i botnen på stykket.

Oppfordring: Gå ut å sjå på di maskin, les merkeplata, spesielt på motoren og last inn på rett maskin. Kan nokon av tidlegare importørar og forhandlarar hjelpe til vil her bli veldig mykje nyttig informasjon til entusiastane som held mange av desse maskinene i gang. Ta bilde av maskiner som du ser manglar og last opp i wikien og lenk til galleri under rett merke.

Startstykka Motorslåmaskina og Tohjulstraktoren ‎er skrivne tidlegare, sjå etter feil og rett i stykka. Det er vel mest dei norske produsentane av redskap/utstyr til tohjulingar og spesialmaskiner det er vanskelegast å finne historia til. Ynskjer oss alle lukke til.

OBS: Ver merksam på dette ved oppstart av desse gamle maskinene: For to-takts-motor: Oljeblanda bensin blir fort for gammal og må skiftast før start. For maskiner fram til ca. 1960, 5 % olje i bensin, vidare til ca. 1975, 4 % olje i bensin, seinare går det bra med ferdigblanda 2 %. For fire-takts-motor: Er laga for blybensin, må ha bensintilsetjing (Millenium/Shell) eller lignande for å unngå skade på ventilar.

Kategoriar for tohjulingar og spesialmaskiner i jordbruk og hagebruk

Ttr. Tohjulstraktor: Tohjuling med to hjul på ein aksel på tvers av framdriftsretninga. Traktor kan den kallast av den grunn at den har eigen forbrenningsmotor og roterande kraftuttak (PTO), oftast i begge endar av girkassa og med motor så høgt på maskina at kraftuttakssaksel går under motor. PTO kan køyrast både når traktoren har framdrift og når traktoren står i ro.

Msl. Motorslåmaskin: Tohjuling med to hjul på ein aksel på tvers av framdriftsretninga. Motorslåmaskina har eigen forbrenningsmotor. Motorslåmaskin har ingen roterande kraftuttak (PTO), berre «slåttesnut» med fram- og tilbake-gåande rørsle som driv kniven på slåtteapparatet. (Mange Universalmaskiner blir kalla Motorslåmaskiner av den grunn at dei hovedsakeleg går med slåtteapparat).

Unm. Universalmaskin: Tohjuling med to hjul på ein aksel på tvers av framdriftsretninga. Universalmaskina har eigen forbrenningsmotor og roterande kraftuttak (PTO) i motsett ende av girkassa i høve til forbrenningsmotoren. Den har «greide»/styreinnretning med innfesting i sentrum/balansepunktet til maskina utan påhengt redskap. «Greide» kan løysast på enkel måte og vendast med girkassa som sentrum til bruk der det passar best i høve til påkobla redskap. Mange av maskinene har lik fart i begge retningar.

Spm. Spesialmaskiner: Døme: «Hakkaspette», «Hoppetusse», «Komprimator», «Staurholmaskin». Stort sett ei «Universalmaskin» som har misst hjula og forbrenningsmotoren driv redskapen direkte (redskap som ofte har ein storebror (eller syster) som er montert på «Universalmaskin» og der kan forflyttast på hjul).

Trs. Transporterar: Døme: «Lastebiltype», små midjestyrte og «strekte» «tohjulingar» med to eller fleire akselar. Oftast med styresnekke og ratt, men og med hydraulisk spakstyring.

Re. Redskap: Døme: Tilhengar, frontvogn, kardangvogn, roterande horv, vinsj, snøfres.

Forklaring til kolonnene i boksane

  • Kolonne 1. Namn/type/kategori: Her skriv ein inn namnet og type på maskina.
  • Kolonne 2. År i produksjon: Gjeld byggeår eller produksjonsperiode.
  • Kolonne 3. Motor / typenr / HK: Namn, byggeår, -stad og hestekrefter
  • Kolonne 4. Redskap: om det er / har vore slåtteapparat, tilhengar, kardangvogn, osv.
  • Kolonne 5. Importør, gjerne med lenke til firmaomtale
  • Kolonne 6. Andre opplysningar om maskina

AEBI

Produksjonsland: Sveits. Høg kvalitet på dei dyre maskinene.

1. Namn/type 2. År i produksjon 3. Motor/typenr/HK 4. Redskap 5. Importør 6. Andre opplysningar
AEBI AM 10/Unm ca.1952 - 1975 MAG 1020 SRB X 80 5 HK 2T Fingerbjelke, jordfres, tilhengar Agr: Knut Skurtveit L/L, Bergen 1954-ca. 2000 Ikkje clutch-handtak, har «sentrifugalkobling» mellom motor og girkasse
AEBI AM 10/Unm MAG 1026 SRL X ??? 4T Fingerbjelke, jordfres, tilhengar Agr: Knut Skurtveit L/L, Bergen 1954-ca. 2000 Ikkje clutch-handtak, har «sentrifugalkobling» mellom motor og girkasse
AEBI AM 15/Unm MAG 1026 SRL X 55 4T Fingerbjelke, jordfres, tilhengar Agr: Knut Skurtveit L/L, Bergen 1954-ca. 2000 Ikkje clutch-handtak, har «sentrifugalkobling» mellom motor og girkasse
AEBI AM 8/Msl MAG 1026 SRL X ??? 4T Universalbjelke Agr: Knut Skurtveit L/L, Bergen 1954-ca. 2000
AEBI AM 52/Msl MAG ???? X ??? 7 HK 2T Fingerbjelke, tilhengar Agr: Knut Skurtveit L/L, Bergen 1954-ca. 2000
AEBI AM 53/Ttr MAG ???? X ??? 9 HK 4T Fingerbjelke, jordfres, snøfres, tilhengar, frontvogn, kardangvogn Agr: Knut Skurtveit L/L, Bergen 1954-ca. 2000

Bilde av AEBI

AGRIA

Produksjonsland: Vest-Tyskland. Høg kvalitet på dei dyre maskinene.

1. Namn/type 2. År i produksjon 3. Motor/typenr/HK 4. Redskap 5. Importør 6. Andre opplysningar
AGRIA 1300/Msl ca. 1950 - 1954 ILO 5 HK 2T Fingerbjelke 1,3 M Reinhart, Kristiansand Type 1300 hadde ikkje revers. Venstre «bremsehandtak» på styret var frigir, høgre handtak clutch. Maskina måtte dragast/trillast bakover med handemakt.
AGRIA 1300R/Msl 1954 - ILO 5 HK 2T Fingerbjelke 1,3 M Reinhart, Kristiansand R = revers. Med to-taktsmotor kan ein fortsetje slåtten lenge etter at maskiner med 4-taktsmotor er havarert. Påstand: Dette er den mest slitesterke motorslåmaskin som har vore innom bratte bakkar i landbruksnoreg.
AGRIA 2300/Msl ???? - ???? NSU ? HK 4T trykksmurd Universalbjelke Reinhart, Kristiansand NSU-4-takts-motoren går makelaust fint. Grunna trykksmørjeststemet toler den lite sidehalling (i høve til 2-taktaren) før den misser oljetrykket og havarerer.
AGRIA 0300/Msl
AGRIA 300/Msl
AGRIA 1700/Unm
AGRIA 1800/Unm
AGRIA DROTT/Ttr
AGRIA BASEN/Trs
AGRIA GROM BASEN/Trs HATZ 12 ? HK diesel
AGRIA SKOGS BASEN/Spm

Bilde av AGRIA

BMB

Produksjonsland: Storbritania.

1. Namn/type 2. År i produksjon 3. Motor/typenr/HK 4. Redskap 5. Importør 6. Andre opplysningar

Bilde av BMB

BUCHER

Produksjonsland: Sveits. Høg kvalitet på dei dyre maskinene.

1. Namn/type 2. År i produksjon 3. Motor/typenr/HK 4. Redskap 5. Importør 6. Andre opplysningar
BUCHER RECORD 2
BUCHER RECORD 3
BUCHER KT 10
BUCHER K 2
BUCHER K 3
BUCHER K 4
BUCHER K 5
BUCHER K 55/Ttr
BUCHER M 600
BUCHER M 700
BUCHER M 700 S
BUCHER M 100
BUCHER M 200/Msl MAG 1026 SRL X 241 6 (?) HK 4T
BUCHER M 200/Msl MAG 1026 SRL X 242 7 (?) HK 4T
BUCHER M 300

Bilde av BUCHER

MOTO STANDARD / GUTBROD

Produksjonsland: Sveits ??. Høg kvalitet på dei dyre maskinene.

1. Namn/type 2. År i produksjon 3. Motor/typenr/HK 4. Redskap 5. Importør 6. Andre opplysningar
GUTBROD
MOTO STANDARD

Bilde av MOTO STANDARD / GUTBROD

RAPID

Produksjonsland: Sveits. Høg kvalitet på dei dyre maskinene.

1. Namn/type 2. År i produksjon 3. Motor/typenr/HK 4. Redskap 5. Importør 6. Andre opplysningar
RAPID REX/Msl 1952 - Briggs & Stratton (svart) 5 HK 4T Fingerbjelke, skubberive, tilhengar LOG/AS Kullberg & Co/Arstad & Konglevoll/AK Maskiner
RAPID REX/Msl Briggs & Stratton (grå) 6 HK 4T Fingerbjelke, skubberive, tilhengar AS Kullberg & Co/Arstad & Konglevoll/AK Maskiner
RAPID REX/Msl MAG 1026 SRL X ??? 5 HK 4T Fingerbjelke, skubberive, tilhengar AS Kullberg & Co/Arstad & Konglevoll/AK Maskiner
RAPID REX/Msl MAG 1026 SRL X 42 6 HK 4T (forgassar rørform begge endar) Fingerbjelke, universalbjelke, skubberive, tilhengar Arstad & Konglevoll/AK Maskiner
RAPID 208/Msl MAG 8 (?) HK 4T Universalbjelke, skubberive AK Maskiner
RAPID UNIVERSAL/Unm
RAPID/Ttr MAG ???? SRL X ??? 9 HK 4T
RAPID SUPER/Ttr MAG ???? SRL X ??? 12 HK 4T
RAPID DIESEL/Ttr MAG ???? S?? X ??? 10 HK
RAPID 101/Msl MAG 1026 SRL X ??? ? HK 4T
RAPID 201/Msl MAG 1026 SRL X ??? ? HK 4T
RAPID 606/Ttr

Bilde av RAPID

MASKIN (legg inn andre maskiner i tabellane herfrå og ned)

1. Namn/type 2. År i produksjon 3. Motor/typenr/HK 4. Redskap 5. Importør 6. Andre opplysningar

Bilde av MASKIN

Motorar til tohjulingar og spesialmaskiner

BASCO - Briggs and Stratton & Co

1. Type 2. År i produksjon 3. HK 4. Forgassar 5. Tenningssystem 6. Andre opplysningar
Svart serie
Grå serie

Briggs and Stratton & Co gjekk frå ca. 1950 i ein svart og ein grå serie på mange av tohjulingane i konkuranse med til dømes: MAG, NORTON, ILO, NSU. For til dømes Rapid Rex var det nokre år rundt 1960 slik at kunden gjorde valg mellom BASCO og MAG. Pr. 2010 er det framleis mogeleg å skaffe enkelte deler til grå serie. Til den gamle svarte serien har det vore tynt med deler lenge. At det er mogeleg å få tak i deler framleis er imponerande då produsentane vel er pålagde å skaffe deler i ti år etter produksjom.

Bilde av BASCO-motor

MAG

1. Type 2. År i produksjon 3. HK 4. Forgassar 5. Tenningssystem 6. Andre opplysningar
1017 SRL
1020 SRB X 80 5 HK 2T Står i: AEBI AM 10
1026 SRL X 42 6 HK 4T Står i: RAPID REX ei periode
1026 SRL X 55 6 eller 7 HK 4T Står i: AEBI AM 15
1026 SRL X 148 7 HK 4T Står i: AEBI AM 8
1026 SRL X 241 6 (?) HK 4T Står i: Bucher M 200 ei periode
1026 SRL X 242 7 HK 4T Står i: Bucher M 200 ei periode
1029 SRL
1040 SRL
1045 SRL

Tekniske data og reparasjonsinfo kan førebels leggast som bilde i relativt nyttig rekkefylgje. Det eksisterte nokre bretta A 3-ark med fire A 4-sider som var til stor hjelp i tillegg til instruksjonsbøkene. Spesielt for MAG er at registermerka skal ikkje stå rett på kvarandre, men ha to, tre eller fire tenner avvik etter typenr (demonter forsiktig og tru det augene fortel deg). Skal sjå om eg finn det og laste opp som bilete.

Bilde av MAG-motor

Kjelder og informantar

  • Ved opplasting. Informasjon etter hugsen til startstykkeskrivaren

Referansar


Litteratur

  • Jensen, Arnulf: Tohjulingar i landbruket 2002. Landbruksforlaget
  • Jensen, Arnulf: Veterantraktorer i Norge 2003. Landbruksforlaget