Tolv Aamland

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 24. feb. 2014 kl. 12:25 av Kallrustad (samtale | bidrag) (familieopplysningar)
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Tolv Aamland (fødd 21. januar 1893 i Åmli, død?) var lærar og ungdomsskolestyrar. Han var med i I.O.G.T. i fleire år, seinare mest aktiv i misjonsarbeidet.

Han var son av bonde Nikolai T. Omland og Eldrid Jørundland, Gjøvdal i Åmli. Tolv Aamland tok eksamen ved Notodden lærarskule i 1913 og artium i Kristiania i 1922. Han deltok seinare på fleire lærarkurs og hadde stipend til eit tomånaders opphald i London.

Aamland var vikarlærar i Løten i eitt år. Han var deretter tilsett ved Sørlandets kristelege Ungdomsskole (1914-22) og Nidaros Lærarskule (1922-28), før han i 1928 kom attende til Sørlandets kristelege Ungdomsskole som styrar. Skulen, som no heiter Folkehøgskolen Sørlandet, låg på Birkeland i Birkenes kommune.

Tolv Aamland vart gift med Anna Nuland, dotter av bonde Tønnes Nuland og Severine. Dei hadde i 1934 to søner og ei dotter.

Kilder og litteratur

Espeland, Arne: Norske skolefolk (første utgave), Dreyer forlag, Stavanger 1934. Digital versjonNettbiblioteket