Tolv Aamland

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Tolv Aamland
Foto: fNorske skolefolk (1952)

Tolv Aamland (fødd 21. januar 1893 i Åmli, død 10. desember 1983) var lærar og ungdomsskolestyrar på Birkeland i Birkenes. Han var med i I.O.G.T. i fleire år og var aktiv i misjonsarbeidet. Aamland, som òg var ihuga målmann, vart i 1945 vart fyrste varamann til Stortinget for Aust-Agder Venstre. Under andre verdskrigen var han fengsla tre gonger.

Bakgrunn

Han var son av bonde Nikolai T. Omland og Eldrid Jørundland, Gjøvdal i Åmli. Tolv Aamland tok eksamen ved Notodden lærarskule i 1913 og artium i Kristiania i 1922. Han deltok seinare på fleire lærarkurs og hadde stipend til eit tomånaders opphald i London. Han gjorde også andre studiereiser til Nord-Europa og Amerika, og skreiv om utvandringa frå Noreg.

Lærargjerning

Aamland var vikarlærar i Løten i eitt år. Han var deretter tilsett ved Sørlandets kristelege Ungdomsskole (1914-22) og Nidaros Lærarskule (1922-28), før han i 1928 kom attende til Sørlandets kristelege Ungdomsskole som styrar. Skulen, som no heiter Folkehøgskolen Sørlandet, låg på Birkeland i Birkenes kommune. Her var Aamland styrar i 32 år, og ved sida starta han Birkeland realskule (1938) og Birkeland gymnas (1941).

Aamland var ei tid formann i lærarlaget for dei kristelege ungdomsskulane, og han skipa då bladet Ungdomsskulen.

Familie

Tolv Aamland vart gift med Anna Nuland, dotter av bonde Tønnes Nuland og Severine. Dei hadde i 1934 to søner og ei dotter.

Kjelder og litteratur