Torstein Espe
Torstein Espe (fødd kring 1595, død kring 1665) var kanskje frå Leirmo i Luster.
Han var fyrst nokre år leiglending og gardbrukar på Leirmo før han bytte seg til Haugen i Jostedalen. Kring 1633 flytte han så til Snøtun, og kring 1647 bytte han seg til garden Espe som han dreiv levetida ut.
Torstein var lensmann i Jostedalen alt nokre år medan han budde på Snøtun og skal sidan ha vore lensmann att 1648-1655.
Han kan vere identisk med den Tosten Nestun som er nemnd som kyrkjeombodsmann i Jostedalen den lange perioden 1635-1652.
Torstein var gift, men det er ukjent kven som var kona hans, og berre to born etter han er identifiserte:
- Synneva Torsteinsdotter (1625-1700), gardbrukarkone på Fossen
- Knut Torsteinson (f. kring 1636)
Litteratur
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 543. (digital utgåve, NBdigital)