Treungen Samvirkelag: Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
m (Robot: Legger til manglende <references />-element) |
||
Linje 13: | Linje 13: | ||
==Referansar== | ==Referansar== | ||
<references /> | |||
[[Kategori:Nissedal kommune]] | [[Kategori:Nissedal kommune]] |
Nåværende revisjon fra 8. mar. 2024 kl. 11:34
Treungen Samvirkelag vart skipa 7. februar 1938 då forretninga gjekk over frå innkjøpslag til samvirkelag. Forretninga låg i Treungen i Nissedal kommune. Den fyrste styraren var A. Moen.
Historikk
Samvirkelaget var ein velassortert landhandel og omsette kolonial (inkludert kjøtt), manufaktur, konfeksjon, skotøy, elektriske artiklar og jernvarer. Samvirkelaget heldt til i leigde lokalar på Kilen[1], men i 1947 vart det bygd nytt bygg ved krysset til Heimdal nær Tveitsund bru. Kundane har kome mest frå Treungen og Heimdal, men óg frå Tjønnefoss og Haugsjåsundet.
I 1938 var omsetninga til samvirkelaget 67.521,87 kr, medan den auka til 205.265,72 i 1946.[2] I 1949 hadde laget 100 medlemar, og var slik ei av dei største forretningane i Nissedal kommune. Den hadde tre tilsette - "2 gjenter og 1 gut"[3] - same året. Styraren var J. Sanden, medan formannen i laget heitte Olav Nilsen.
Kjelder
- Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.
- O. Bangen (utgjevar), Vegvisar for Nissedal herad, Skien, 1950.
- Kjell Åsen, Nissedal Bygdesoge, Gard og Ætt, Treungen sokn, Skien, 1978.