Treungen Samvirkelag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Annonsa til Treungen Samvirkelag i Vegvisar for Nissedal herad, Skien, 1950

Treungen Samvirkelag vart skipa 7. februar 1938 då forretninga gjekk over frå innkjøpslag til samvirkelag. Forretninga låg i Treungen i Nissedal kommune. Den fyrste styraren var A. Moen.

Historikk

Samvirkelaget var ein velassortert landhandel og omsette kolonial (inkludert kjøtt), manufaktur, konfeksjon, skotøy, elektriske artiklar og jernvarer. Samvirkelaget heldt til i leigde lokalar på Kilen[1], men i 1947 vart det bygd nytt bygg ved krysset til Heimdal nær Tveitsund bru. Kundane har kome mest frå Treungen og Heimdal, men óg frå Tjønnefoss og Haugsjåsundet.

I 1938 var omsetninga til samvirkelaget 67.521,87 kr, medan den auka til 205.265,72 i 1946.[2] I 1949 hadde laget 100 medlemar, og var slik ei av dei største forretningane i Nissedal kommune. Den hadde tre tilsette - "2 gjenter og 1 gut"[3] - same året. Styraren var J. Sanden, medan formannen i laget heitte Olav Nilsen.

Kjelder

  • Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.
  • O. Bangen (utgjevar), Vegvisar for Nissedal herad, Skien, 1950.
  • Kjell Åsen, Nissedal Bygdesoge, Gard og Ætt, Treungen sokn, Skien, 1978.

Referansar

  1. Kjell Åsen, Nissedal Bygdesoge, Gard og Ætt, Treungen sokn, Skien, 1978, s. 208
  2. Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949, s. 858
  3. Vegvisar for Nissedal herad, Skien, 1950, s. 49