Treungen Samvirkelag: Forskjell mellom sideversjoner
(Ny side: {{thumb|Treungen Samvirkelag.JPG|Annonsa til Treungen Samvirkelag i Vegvisar for Nissedal herad, Skien, 1950}} '''Treungen Samvirkelag''' vart skipa 7. februar 1938 då forretninga g...) |
(Kategoriar) |
||
Linje 10: | Linje 10: | ||
*O. Bangen (utgjevar), ''Vegvisar for Nissedal herad'', Skien, 1950. | *O. Bangen (utgjevar), ''Vegvisar for Nissedal herad'', Skien, 1950. | ||
*Kjell Åsen, ''Nissedal Bygdesoge, Gard og Ætt, Treungen sokn'', Skien, 1978. | *Kjell Åsen, ''Nissedal Bygdesoge, Gard og Ætt, Treungen sokn'', Skien, 1978. | ||
[[Kategori:Nissedal kommune]] | |||
[[Kategori:Treungen]] | |||
[[Kategori:Samvirkelag]] | |||
[[Kategori:Etableringer i 1938]] |
Sideversjonen fra 3. mai 2017 kl. 16:14
Treungen Samvirkelag vart skipa 7. februar 1938 då forretninga gjekk over frå innkjøpslag til samvirkelag. Forretninga låg i Treungen i Nissedal kommune. Den fyrste styraren var A. Moen.
Samvirkelaget var ein velassortert landhandel og omsette kolonial (inkludert kjøtt), manufaktur, konfeksjon, skotøy, elektriske artiklar og jernvarer. Samvirkelaget heldt til i leigde lokalar på Kilen[1], men i 1947 vart det bygd nytt bygg ved krysset til Heimdal nær Tveitsund bru. Kundane har kome mest frå Treungen og Heimdal, men óg frå Tjønnefoss og Haugsjåsundet.
I 1938 var omsetninga til samvirkelaget 67 521,87 kr, medan den auka til 205 265,72 i 1946.[2] I 1949 hadde laget 100 medlemar, og var slik ei av dei største forretningane i Nissedal kommune. Den hadde tre tilsette - "2 gjenter og 1 gut"[3] - same året. Styraren var J. Sanden, medan formannen i laget heitte Olav Nilsen.
Kjelder
- Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.
- O. Bangen (utgjevar), Vegvisar for Nissedal herad, Skien, 1950.
- Kjell Åsen, Nissedal Bygdesoge, Gard og Ætt, Treungen sokn, Skien, 1978.