Trusty Steed Tractor NTS 287 Mk2, 1952-mod

Trusty Steed Tractor NTS 287 Mk2, 1952-mod Produsent: TRACTORS (London) LTD., THE WHITE HOUSE, BENTLEY HEATH., BARNET., HERTS, ENGLAND produsent av til dømes wiregravemaskiner, store tilhengarar og General/Rushton traktor 1928 -1934 i samarbeid med AEC (som laga dei berømte toetasjers Londonbussane). Døme på dokumentasjon: Arnulf Jensen: Veterantraktorer i Norge har med ei annonse s. 11. Ruston, Proctor & Co. Ltd, damptreskeverk og lokomobiler Norsk importør: MASKIN A/S EKSPEDIT, Nordahl Brunsgt. 1 – Telf. 17172, BERGEN. Arnulf Jensen: Veterantraktorer i Norge har s. 77 med at dette firmaet vart ein av fleire importørar av David Brown nokre år etter 1946. Fyrste eigar, Steinar Kvalsvik, har då kjøpt to traktorar med same firma av forskjellig merke med nokre få års mellomrom Produksjonstid: Sjå: http://www.vhgmc.co.uk/survivors/trusty-steed-register/ (etter internett-liste frå Trusty-entusiastar) ca. september til november 1952 Det er vel lite truleg vår Trusty har vore køyretøyregistrert i Noreg, grensa for registrering var lenge 20 km/h for traktor. Denne går truleg max. 10 km/h

Trusty NTS 287. Front
TRUSTY NTS 287 03 Namn og serienr
TRUSTY NTS 287 V side m hengar
TRUSTY NTS 287, importør, leverandør
TRUSTY NTS 287, nypussa, ny dekal på seteryggen

Motor

Modell: Norton big four 1952-mod. Stasjonærmotor m/kjølevifte, kjøledeksel og turtalsregulator Brennstoff: Bensin Type: Sideventilert, 4-takt Drivstofftilførsel: Forgassar: Amal 225/9, Birmingham, England, frå overliggande tank. Forgassaren har turtalsregulering frå spjeld i kjølelufta frå kjølevifte Tenning: Magnet (sjå El.anlegg) Boring: 82 mm Slaglengde: 113 mm Kubikkinnhald sylindar: 598 ccm (innslege på blokk 82/113, produsert frå 1947) Effekt: 14,5 HK (truleg SAE) v/4500 o/min (for stasjonærmotor konstruert 1920) Max. turtal: Noko over 4500 o/min då spjeld-/kjøleluft-regulatorane gjerne «jagar» ein del Kjøling: Direkte til luft. For stasjonærmotor med kjølevifte på utgåande aksel Smøring: Tank utvendig i framkant for kjøling for motorolje for stasjonærmotor. Der er sirkulasjonspumpe. Veivhus-ventilasjons-røret peikar bakover på drivkjedene. Praktisk og greitt, men gir skiten traktor Ventilar: Sideventilar med underliggande kam og skrujustering Ventilløftar: Skive for løft under kontramutter på eksosventil for ventiljustering Ventilklaring: Vel 0,2 mm for inn og 0,4 mm ut inn til orginal-informasjon føreligg Tiltrekkingsmoment topploksboltar: 45 Nm er valt ut frå alu-topp og parallell info og boltdiam for tilsvarande motorar Tenningsanlegg: Modell: M 01 L, 46028B. Type: H 3, 52 og med pil for dreieretning (sett mot drivende, pil mot V). Høgspentside målt til 52 kiloohm, lavspentside 3,6 ohm Tennplugg: Campion NA-8 (Ø 13,6 mm med ¾-toms gjengelengde). Den er truleg ikkje rett, men fungerar

Girkasse med clutch ved motor

ALBION HCJ 398 Liten, kompakt greie med tørr fleirlamell framdriftskobling høgre side/kjedehjulsende med utløysararm venstre side. Den er festa til motor med brakett med strammeanordning for kjede • Har tre gir framover og ein revers • Inngåande aksel har ytre kjedehjul (kort kjede frå motor) • Utgåande er hylseaksel, utanpå inngåande aksel. Har indre kjedehjul (lang kjede til tversgåande fordelingsaksel til bakhjul, i framkant nedvekslings-girkasse under sete) • Inneheld gearolje TTs. 41. Rett bak motoren sit girkasse Albion H 3. Så har ting utvikla seg traktor for traktor

Nedveksling bakgirkasse, hjulutkobling, styrebremser, sluttreduksjonar og kraftuttak

Sjå vedlagte bilete, kasse under sete: Framanfrå og bakover. Tverraksel i forkant med: Inngåande kjedehjul frå girkasse og utgåande kjedehjul til PTO/kraftuttak/reimhjul bak kasse. Tverraksel endar på begge sider i hjulutkobling/styrebrems-mekamisme. På hjulutkobling kjedehjul der kjede går til inngåande kjedehjul på sluttreduksjon. På same inngåande aksel sit bremse (frå Norton motorsykkel) Begge sider, utvendig på kassa. Sluttreduksjon. Lite tannhjul, inngåande aksel til stort tannhjul , utgåande aksel med bakhjul For bruk av PTO (reimhjul bak reduksjonskasse) må ein setje på kjeda I traktoren er brukt ca. 10 m ½-toms kjede

Bremsemekanisme

Fotbremsepedal med parkeringslåsing for høgre fot, førar. Overføringsstag til «tveråk» for deling til begge bremser. På «tveråk» doble trekkstag med gliding mellom for bruk av både køyre og styrebrems. Justering på mange stag for balansert bremsing. Trommeldiameter innvendig Ø 127 mm eller 5-tom. Breidd bremsesko 19 mm el ¾-tom På begge sider av sete spak for hjulutkobling og styrebrems som for stor tohjulstraktor (hugs, her er ingen differensial)

Elektrisk anleg

Dynamo: Dynamo førebels ukjend men laderegulator passar truleg saman med ein: LUCAS E 3, 6 V, 60 W Dynamo og batteri har forsynt ei stor frontlykt og ei raud baklykt på venstre side. Deler frå Norton motorsykkel 1952

Laderegulator: Laderegulator (to elektromagnetar) LUCAS, 370978, I-50, MC R 2, L, 6 V, MADE IN ENGLAND Tenningsanlegg: Magnettenning: På skilt: Modell M 01 L, Type H3, 46023B, 52 og pil for dreieretning

Hjul og dekk

Framme: Tredelt breiddejusterbar pendlande aksel. Styredekk, jordbruks-type, 4.00 x 15 Bak: Breiddejustering stillbar på utgåande aksel. Jordbruksdekk m/ribber. 6.00 x 16

Reiskapsløft

Mekanisk type med tannsektor, lang spak med låseklype, tverraksel med løftearmar og stillbare balansefjøyrer for lett løft og senking tilpassa reiskapen Der er ikkje trekkstenger slik ein kjenner det frå dagens trepunktsoppheng, men ei løysing som liknar på seinare norsk trekkrok for tilhengar eller det som i Sverige er kalla landbruksdrag, hengsla/opplagra i framende Der er og to løftearmar på tveraksel i framkant av girkasse meint for løft av midtmontert reiskap

Trusty Steed NTS Mk II sin produksjon og sal til Noreg

TT s. 42: 1950 – 1967 produsert 327 stk. Årstal/stk: 1950/40, 1951/70, 1952/60, 1953/17, 1954/10 – 1967/siste traktor. Her snakkar ein om «spesial made for you» som mange tenkte var noko nytt langt ut på 1980-talet Trusty sin totale produksjon av to- og fire-hjulstraktorar frå 1935 (nemnt 25 stk to-hjuls-traktorar dette året) til 1967 var noko meir enn 14000 stk Motorar brukte av Trusty var av kjende merke: Villiers, Lend Lease, Wisconsin AEH og AAH, Briggs & Stratton ZZ, Douglas, JAP, Norton og til slutt Petter diesel Hjulutrustninga var gummihjul framme. Bak kunne ein velge, som for største tohjulstraktor, mellom gummihjul, jernhjul og berre for firehjulstraktor halvbelte med strammehjulet bak drivhjul Traktoren var laga for såkalla oversjøisk eksport med tanke på at gardsvegane verda rundt var for smale for dei normale firehjulstraktorane og at den var hendig i hagebruk Av britiske samarbeidspartnarar er oppgitt Albion på girkasse og slåmaskin og Greyhound på markplog. Begge desse laga hestereiskap og dreiv heftig FOU (forsking og utvikling) for å tilpasse seg ei ny tid Norsk importør er i boka TT, skrive som Eik and Hauskins, i norsk språkdrakt Eik & Hausken. Desse var importør og forhandlar av Trusty tohjulstraktorar, ukjent kor lenge Til Eik and Hauskins er notert for eksport tre Trusty Steed NTS Mk 2 med halvbelte. Om desse verkeleg vart sende har ein ingen bevis på førebels. I og med at dei er importør av merket er truleg årstalet 1950. Då dagens eigar av nr 287 tok kontakt med dei britiske Trusty-entusiastane for registrering fortalde dei at det var fyrste gong det var registrert norsk kjøp av MK 2 Skrivaren her snakka for ein god del år sidan med ein eldre kar som meinte å vite, men utan å notere namnet på vedkomande. Svaret var at Trustyen vart vurdert å kome i konkuranse med samtidig Ford N 8 og at den dermed ikkje vart teken inn til Noreg av Eik & Hausken. Kanskje det dukkar opp meir informasjon etter denne artikkelen Så finn ein denne Trusty Steed NTS Mk 2 nr. 287 på Hareid på Sunnmøre. Importør er Maskin A/S EXPEDIT, Nordahl Brunsgt. 1, Telf. 17172, BERGEN. Importøren er notert som ein av importørane for David Brown s. 77 i Arnulf Jensen: Veterantraktorer i Norge

Norske eigarar. Årstala er nesten sikre

Steinar Kvalsvik, bruk 41 Finnsgarden, Hareid i tidsrom 1953 – 1955 (du er på Finnsgarden når du kjem i lang frå ferga). Steinar Kvalsvik hadde tidlegare bygd om fleire brukte bilar til biltraktorar. Dermed kan ein sjå det slik at det låg mykje mekanikkunnskap bak dette Trustykjøpet. Etter Trusty kjøpte Finnsgarden ein David Brown. Trustyen vart då seld til svogeren, Jon Meek i Austefjorden Jon Meek, bruk Reitane 48/1, Austefjorden brukte Trusty til «trekkdyr» til firehjula vogn, heime hos seg sjølv og til leigekøyring frå 1955. Sist ei tohjula vogn med framhjula frå staskjerra, skyssvogna til Maaens Hotell. Hotelleigar og opphav til hjula var bestefaren til Jon, Didrik Maan. Maan brukte staskjerra til skyss mellom hotella i Austefjorden og Bjørke i tida før den norske økonomien fall saman i fyrste verdskrigen. Gjenbruk og sirkulær økonomi er altså ikkje noko nytt. Om det var brukt markplog og hesteslåmaskin etter traktoren veit ein ikkje Jon hadde bilsertifikat og køyrde lastebil. Han var vernepliktig sjåfør i norsk forsvar og vart kalla inn til teneste i 1940, til Setnesmoen på Åndalsnes, kanskje med eigen bil. I fylgje samtidig innkalla var han å sjå mange plassar under kamphandlingane. Til dette høyrde og ammunisjonskøyring til dei harde kampane på Kvam i Gudbrandsdalen. Sjølv sa han lite om krigsopplevingane Ein mangeårig områdeleiar i utrykningspolitiet fekk si alt for tidlege opplæring i bruk av køyretøy på denne traktoren på sommarferie hos onkel Jon Karin og Inge Håvik, 48/1, Austefjorden overtok bruket med traktor etter Jon. Traktoren, ofte med Karin som «pilot», var i bruk til den vart avløyst av ein Ferguson TEF 20 Jørn Inge Håvik, 48/1, Austefjorden er i dag eigar av bruk og traktor og har lagt frykteleg mange timar i å «spøte oppatt» oldefar, morfar og foreldra sin tilårskomne traktor. Stor takk til han. Berre å få sjå dette «klenodiet» får godt vaksne menneske til «å falle i stavar» som det ofte vart formulert i tidlegare tider


Bruk i driftstida

Traktoren vart truleg kjøpt til Hareid av den grunn at gardsvegane var for smale for Ferguson TEA/TED, Ford N 8 og tilsvarande størrelsar. Med same grunn kom den nok inn på Reitane. Reklama fortalde at denne Trustyen gjorde arbeid for to hestar. Det var ei tid med mykje prøving for å skifte ut øyken som åt for tre kyr Bruken var «å få møka ut og graset inn» slik dei fåmelte karane sa. Når dei drog opp «gassen» til fullt pådrag var det to uttrykk som var mykje brukt. «Anj fekk det anj Ola Bønå ga merra, full havre». Eller «full tamping». Ein tamp er ein tauende. Anten fekk traktoren juling, eller så drog den så hardt som tauet tolde. Mykje har minst dobbel meining, så det er ikkje godt å vite Om du ikkje kjøpte nytt utstyr i same investeringa så bygde ein om hestereiskapen. Hjulsleden, møkavogna, høyvogna, hesteslåmaskina, markeplogen for hest, hyppeplogen til potet. Eller der bakkane var bratte brukte ein tau eller wire om ei eller fleire «kasteblokker». Så kunne ein bruke traktoren på ein veg i nærleiken og hestereiskapen i åker og eng utan ombygging. «Det gjekk med raut og gaul» sa dei ofte. Det var ikkje alltid traktorpiloten og den med reiskapen såg kvarandre medan arbeidet pågjekk Jørn Inge hadde fått spørsmål om han visste at traktoren «stupte kråke» ut for køyrebrua i Finnsgarden på Hareid i 1953. Oldefaren, Mads, hadde kome seg av i siste liten Ein slags konklusjon er ein liten, kjekk, heilt vanleg traktor som lik mange samtidige merke tapte i konkuranse med «Fergusonsystemet», den hydrauliske, «fingertip»-styringa for automatisk vektoverføring til drivhjul ved jordbearbeiding med jordsøkande reiskap «Fergusonsystemet» vart brukt i Ferguson frå den sin produksjonsstart. Tidlegare produsert på lisens i David Brown, Ford og andre merke Bygdesmedane hadde vorte mekanikar og der var maskinistar på alle fiske- og fraktebåtar. Ikkje minst hadde mange vore i krigen og sett og brukt teknisk utstyr. Heimelaga utstyr frå denne tida var godt. Ein god del slike bygdesmed-greier kom ofte i serieproduksjon frå norske reiskapsfabrikkar


Galleri for traktorkropp

Galleri for Norton big four stasjonærmotor

Kjelder

  • Traktoren og denne sine komponentar
  • Boka: TRUSTY, The All British Tractor. By: Geoff Ravenhall. Second Edition. August 2017 som traktoreigaren fekk tak i. Baksidereklame: The «Trusty» tractor does the work of 2 horses. Syner til denne boka i teksta ovanfor som TT s (sidetal)
  • Arnulf Jensen: Veterantraktorer i Norge ISBN 82-529-2516-2 s. 11 og s. 77
  • Micael Williams: Traktorer fra hele verden: Felleskjøpet ISBN-978-82-316- 0732-8 - info om Ruston tractor
  • Stålstuten - Gammeltraktorens venner - nr. 3, juni, 2020, s. 6

Informantar

  • Jørn Inge Håvik f.1964, eigar og restaurering
  • Karin Håvik f. 1943
  • Inge Håvik f. 1941
  • Sverre Førde f. 1943
  • Rasmus Sandnes (1930 – 2019)
  • Svein Kvalsvik f. 1943
  • Oddvar E. Høydalsvik f. 1951(skrivar). Skrivaren -ein aldrande mekanikar - har hatt stor glede av å delta i arbeidet med å «spøte oppatt» denne heilt spesielle traktoren i norsk samanheng

Kategoriar