Tuftebreen: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Ny side: '''Tuftebreen''' (''Tverrbreen'') er ein brearm av Jostedalsbreen som kjem ned i Tufteskardet i Bergsetdalen. Dette er den fremste delen av Krundalen i Jostedalen i …)
 
Ingen redigeringsforklaring
Linje 1: Linje 1:
[[Bilde:Kart breane i Bergsetdalen.jpg|thumb|Kart frå 1860-åra som viser ca-posisjonen til breane i Bergsetdalen på det tidspunktet]]
'''[[Tuftebreen]]''' (''Tverrbreen'') er ein brearm av [[Jostedalsbreen]] som kjem ned i [[Tufteskardet]] i [[Bergsetdalen]]. Dette er den fremste delen av [[Krundalen]] i [[Jostedalen]] i [[Luster kommune]] i [[Sogn og Fjordane]].  
'''[[Tuftebreen]]''' (''Tverrbreen'') er ein brearm av [[Jostedalsbreen]] som kjem ned i [[Tufteskardet]] i [[Bergsetdalen]]. Dette er den fremste delen av [[Krundalen]] i [[Jostedalen]] i [[Luster kommune]] i [[Sogn og Fjordane]].  



Sideversjonen fra 20. nov. 2010 kl. 11:22

Kart frå 1860-åra som viser ca-posisjonen til breane i Bergsetdalen på det tidspunktet

Tuftebreen (Tverrbreen) er ein brearm av Jostedalsbreen som kjem ned i Tufteskardet i Bergsetdalen. Dette er den fremste delen av Krundalen i Jostedalen i Luster kommune i Sogn og Fjordane.

Tuftebreen har eit areal på 6,5 km² og er 6,5 km lang. Det høgaste punktet på breen er 1920 meter over havet og det lågaste er 860 meter over havet. Tuftebreen vart fram til tidleg på 1900-talet oftast kalla «Tverrbreen».

Under den vesle istida på 16- og 1700-talet gjekk Tuftebreen kraftig fram gjennom Tufteskardet og kom heilt ned i dalbotnen i Krundalen. Breen vart liggjande berre eit par hundre meter unna gardstunet på Bergset, og mykje beitemark og slåttemark til garden vart øydelagd. Det er grundig dokumentert i ei rettsleg avtaksforretning frå august 1742 kor langt breen var komen på dette tidspunktet.[1]

Notar

  1. Tingbok for Indre Sogn, 1742 (Jostedal historielag)

Kjelder