Tungtvassaksjonen: Forskjell mellom sideversjoner

(Ny side: '''Tungtvassaksjonen''', også kjend som '''Vemorkaksjonen''' var ein sabotasjeaksjon retta mot Norsk Hydro sitt anlegg på Vemork i Tinn kommune i Telemark. Tungtvat...)
 
Linje 5: Linje 5:
==Opptakt==  
==Opptakt==  

{{thumb|Knut Haugland foto Aftenposten 1955.JPG|Knut Haugland var med som radiotelegrafist.|Aftenposten}}
Allereie i 1942 vart det første forsøket på å stogge produksjonen av tungtvatn gjort. ''Operasjon Grouse'' og ''Operasjon Freshman'' skulle vere ein to-trinnsoperasjon for å ramme fabrikken. I ''Operasjon Grouse'' vart ein fortropp på fire mann frå Kompani Linge, den gong kalla ''Norwegian Independent Company no 1'' (NORIC 1) slept ned i fallskjerm. Dette skjedde den 19. oktober 1942. Dei vart slept ned over Telemark, og fikk på ski til [[Møsvatn]] i [[Vinje kommune|Vinje]], der dei skulle ta imot mannskapet frå ''Operasjon Freshman''. Britiske ingeniørsoldatar frå 1st British Airborne Division kom i glidefly, men måtte ved det første forsøket 19. november 1942 måtte dei snu på grunn av dårleg ver. Eit av dei to glideflya styrta sør for [[Lysefjorden]], medan trekkflyet kom trygt heim til Storbritannia. Ni av soldatane overlevde styrten. Fem vart frakta til [[Grini fangeleir]], og vart så henretta på [[Trandumskogen]] 18. januar 1943. Dei andre fire vart sendt til [[Lagård fengsel]] i [[Stavanger]]. Dei vart torturert, og den 24. november 1942 vart dei henretta. Det andre glideflyet styrta ved [[Helleland (Eigersund)|Helleland]] nær [[Egersund]], og trekkflyet styrta i [[Hæstadfjellet]]. Alle i trekkflyet døydde i styrten, medan fjorten overlevde i glideflyet. Dei vart sendt til [[Slettebø leir]] utafor Egersund, og vart henretta der dagen etter. Totalt døydde 41 mann i ''Operasjon Freshman''. Grunnen til den brutale reaksjonen frå tyskarane var det såkalle ''[[kommandodirektivet]]'', ein ordre frå Hitler som slo fast at alle kommandosoldatar som vart tatt til fange skulle henrettast som spionar.  