Umesamisk: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 1: Linje 1:
<onlyinclude>{{thumb|11699cr samisk salmebok.jpg|Salmebok på det gamle samiske standardspråket som hovudsaklig er basert på umesamisk.|Olve Utne}}
<onlyinclude>{{thumb|11699cr samisk salmebok.jpg|Salmebok på det gamle samiske standardspråket som hovudsaklig er basert på umesamisk.|Olve Utne}}
'''[[Umesamisk]]''' er eit [[samiske språk|samisk språk]] som tradisjonelt blir snakka av [[umesamar|umesamane]]. I [[Noreg]] har det blitt snakka umesamisk kring [[Rana kommune|Rana]] og [[Hemnes kommune|Hemnes]] kommunar, og i [[Sverige]] er umesamisk det tradisjonelle språket blant [[skogssamar|skogssamane]] frå sørlige [[Arjeplogs kommun|Arjeplog]] og det meste av [[Arvidsjaurs kommun|Arvidsjaur]] og [[Malå kommun|Malå]] kommunar såvel som i [[Ume lappmark]] sør- og vestover til [[Umeälven]]. I eldre tider ser det ut til å ha blitt snakka umesamisk i [[Åsele lappmark]] òg &mdash; heilt mot grensa mot [[Jämtland]]. Språklig sett danar umesamisk ein overgang mellom [[pitesamisk]] og [[sørsamisk]]. Oftast blir umesamisk rekna til sørsamisk i vidaste forstand, men språket har òg mykje til felles med pitesamisk. Det gamle samiske standardskriftspråket frå [[1700-talet]] og tidlig [[1800-talet|1800-tal]] har i hovudsak utgangspunkt i umesamisk. Det umesamiske språket er kritisk truga i dag, men det blir arbeidd aktivt med revitalisering frå barnehagenivå og oppover. </onlyinclude>
'''[[Umesamisk]]''' er eit [[samiske språk|samisk språk]] som tradisjonelt blir snakka av [[umesamar|umesamane]]. I [[Noreg]] har det blitt snakka umesamisk kring [[Rana kommune|Rana]] og [[Hemnes kommune|Hemnes]] kommunar, og i [[Sverige]] er umesamisk det tradisjonelle språket blant [[skogssamar|skogssamane]] frå sørlige [[Arjeplogs kommun|Arjeplog]] og det meste av [[Arvidsjaurs kommun|Arvidsjaur]] og [[Malå kommun|Malå]] kommunar såvel som i [[Lycksele lappmark]] sør- og vestover til [[Umeälven]]. I eldre tider ser det ut til å ha blitt snakka umesamisk i [[Åsele lappmark]] òg &mdash; heilt mot grensa mot [[Jämtland]]. Språklig sett danar umesamisk ein overgang mellom [[pitesamisk]] og [[sørsamisk]]. Oftast blir umesamisk rekna til sørsamisk i vidaste forstand, men språket har òg mykje til felles med pitesamisk. Det gamle samiske standardskriftspråket frå [[1700-talet]] og tidlig [[1800-talet|1800-tal]] har i hovudsak utgangspunkt i umesamisk. Det umesamiske språket er kritisk truga i dag, men det blir arbeidd aktivt med revitalisering frå barnehagenivå og oppover. </onlyinclude>


== Geografisk utbreiing ==
== Geografisk utbreiing ==
Linje 16: Linje 16:


== Sjå òg ==
== Sjå òg ==
* [[Lycksele lappmark]]
* [[Pite lappmark]]
* [[Pite lappmark]]
* [[skogssamar]]
* [[skogssamar]]

Sideversjonen fra 17. okt. 2011 kl. 23:32

Salmebok på det gamle samiske standardspråket som hovudsaklig er basert på umesamisk.
Foto: Olve Utne

Umesamisk er eit samisk språk som tradisjonelt blir snakka av umesamane. I Noreg har det blitt snakka umesamisk kring Rana og Hemnes kommunar, og i Sverige er umesamisk det tradisjonelle språket blant skogssamane frå sørlige Arjeplog og det meste av Arvidsjaur og Malå kommunar såvel som i Lycksele lappmark sør- og vestover til Umeälven. I eldre tider ser det ut til å ha blitt snakka umesamisk i Åsele lappmark òg — heilt mot grensa mot Jämtland. Språklig sett danar umesamisk ein overgang mellom pitesamisk og sørsamisk. Oftast blir umesamisk rekna til sørsamisk i vidaste forstand, men språket har òg mykje til felles med pitesamisk. Det gamle samiske standardskriftspråket frå 1700-talet og tidlig 1800-tal har i hovudsak utgangspunkt i umesamisk. Det umesamiske språket er kritisk truga i dag, men det blir arbeidd aktivt med revitalisering frå barnehagenivå og oppover.

Geografisk utbreiing

Umesamisk og nabospråka

Ume- og pitesamisk

Umesamisk og pitesamisk er dei einaste samiske språka som har både stadieveksling og omlyd. Når det gjeld stadievekslinga, så kan pitesamisk ha stadieveksling etter både korte og lange vokalar, medan umesamisk generelt berre har stadieveksling etter lang vokal. Omlyden står derimot sterkare i umesamisk, som har gjennomført omlyd på liknande vis som i sørsamisk, medan pitesamiske dialektar har mindre grad av omlyd i nordlige dialektar enn i sentrale og sørlige dialektar.

Ume- og sørsamisk

Umesamisk har til felles med sørsamisk eit meir konservativt endingssystem enn det som er vanligare i nordligare dialektar av vestsamiske språk. Kasus- og personendinga -m er såleis bevart som -m i sørlig sørsamisk og som -b i nordlig sørsamisk og umesamisk; i pitesamisk (og lulesamisk) er -m oftast svekka vidare til -v, og i nordsamisk er konsonanten borte. Genitivsendinga -n er bevart i både sør- og umesamisk, men er i all hovudsak borte i pitesamisk. Inessiv-endinga -sne er bevart i både sør- og umesamisk, medan vår tids pitesamisk har svekking til -n.

Skriftspråk

Sjå òg

Lenkjer