Vågå kyrkje: Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
Ingen redigeringsforklaring |
||
Linje 1: | Linje 1: | ||
{{thumb|Vaagaa_kirke_2011.JPG|Vågå kirke|fotograf=Kai Hansen|dato=23 september 2011}} | {{thumb|Vaagaa_kirke_2011.JPG|Vågå kirke|fotograf=Kai Hansen|dato=23 september 2011}} | ||
[[Bilde:Vågå kyrkje.jpg|thumb|Vågåkyrkja 2010. Foto: A. Kjelland]] | |||
'''[[Vågåkyrkja]]''' er ein [[korskyrkje]] som i si noverande form vart bygd i åra 1625-30. Byggmeister var [[Werner Olsen]]. Kyrkja erstatta ei gamal [[stavkyrkje]] med eitt skip som etter tradisjonen skal ha stått på ei tomt om lag 300 meter vest-nordvest for den kyrkja som stå nå. Den gamle kyrkja vart rive kring 1625. Den åttekanta trånhjelmen med fire småspir på eit firkanta tårn over krysset i sjølve kyrkja er særmerkt for byggmeisteren. | '''[[Vågåkyrkja]]''' er ein [[korskyrkje]] som i si noverande form vart bygd i åra 1625-30. Byggmeister var [[Werner Olsen]]. Kyrkja erstatta ei gamal [[stavkyrkje]] med eitt skip som etter tradisjonen skal ha stått på ei tomt om lag 300 meter vest-nordvest for den kyrkja som stå nå. Den gamle kyrkja vart rive kring 1625. Den åttekanta trånhjelmen med fire småspir på eit firkanta tårn over krysset i sjølve kyrkja er særmerkt for byggmeisteren. | ||
Linje 8: | Linje 7: | ||
Grunnplanet i kyrkja er altså korsforma. Konstruksjonen er i reisverk, liknande dei gamle stavkyrkjene, men enklare. Mesteparten av veggplankane har vore nytta før og tyder på at gamlekyrkja òg var ei krossforma reisverkskyrkje - ein type som skal ha vore vanleg i seinmellomalderen. Stavkyrkjene i [[Lom]] og [[Ringebu]] er av same type. | Grunnplanet i kyrkja er altså korsforma. Konstruksjonen er i reisverk, liknande dei gamle stavkyrkjene, men enklare. Mesteparten av veggplankane har vore nytta før og tyder på at gamlekyrkja òg var ei krossforma reisverkskyrkje - ein type som skal ha vore vanleg i seinmellomalderen. Stavkyrkjene i [[Lom]] og [[Ringebu]] er av same type. | ||
Utvendig er ikkje kyrkja endra i nemnande grad, men innvendig er det gjort tilpassingar. Det lafta sakrisitiet på nordsida av koret vart bygd seinare på 1600-talet. Vindua vart skifta ut på 17- og 1800-talet. I 1914 vart kyrkja grundig restaurert og istandsett. Under kyrkja var det likjellar fram til 1860. | Utvendig er ikkje kyrkja endra i nemnande grad, men innvendig er det gjort tilpassingar. Det lafta sakrisitiet på nordsida av koret vart bygd seinare på 1600-talet. Vindua vart skifta ut på 17- og 1800-talet. I 1914 vart kyrkja grundig restaurert og istandsett, m.a. av [[Ragnvald Einbu]]. Under kyrkja var det likjellar fram til 1860. | ||
Av inventaret er i alle fall døypefonten og krusifikset over tverrbjelken aust i skipet frå mellomalderen. | Av inventaret er i alle fall døypefonten og krusifikset over tverrbjelken aust i skipet frå mellomalderen. Preikestolen er frå 1630-åra og altartavla skal vere skore av Johannes Hanssen Skråstad frå [[Vang i Hedmark]] i 1674. Ho, og truleg preikestolen, vart måla av Peder Jonssen i 1677. | ||
[[Bilde:InteriørVågåkyrkja.JPG|thumb|Kyrkjeinteriøret. Foto: A. Kjelland]] | |||
Oppe på nordveggen ser vi den særmerkte [[Håkåstadstolen]]. Den har eigen inngang frå ute. | Oppe på nordveggen ser vi den særmerkte [[Håkåstadstolen]]. Den har eigen inngang frå ute. |
Sideversjonen fra 22. jan. 2013 kl. 21:37
Vågåkyrkja er ein korskyrkje som i si noverande form vart bygd i åra 1625-30. Byggmeister var Werner Olsen. Kyrkja erstatta ei gamal stavkyrkje med eitt skip som etter tradisjonen skal ha stått på ei tomt om lag 300 meter vest-nordvest for den kyrkja som stå nå. Den gamle kyrkja vart rive kring 1625. Den åttekanta trånhjelmen med fire småspir på eit firkanta tårn over krysset i sjølve kyrkja er særmerkt for byggmeisteren.
Ved bygginga vart det nytta trevirke frå den gamle kyrkja i den nye. Vi finn utskorne veggplankar frå gamlekyrkja oppsett ved hvoudinngangen til nykyrkja. Dørringen kan vera frå mellomalderen. Sørportalen er litt avskoren i øvre kanten, truleg for at han skulle passe inn i veggsystemet i nykyrkja. Utskjeringane i delane frå gamlekyrkja blir tidfesta til 1100-talet.
Grunnplanet i kyrkja er altså korsforma. Konstruksjonen er i reisverk, liknande dei gamle stavkyrkjene, men enklare. Mesteparten av veggplankane har vore nytta før og tyder på at gamlekyrkja òg var ei krossforma reisverkskyrkje - ein type som skal ha vore vanleg i seinmellomalderen. Stavkyrkjene i Lom og Ringebu er av same type.
Utvendig er ikkje kyrkja endra i nemnande grad, men innvendig er det gjort tilpassingar. Det lafta sakrisitiet på nordsida av koret vart bygd seinare på 1600-talet. Vindua vart skifta ut på 17- og 1800-talet. I 1914 vart kyrkja grundig restaurert og istandsett, m.a. av Ragnvald Einbu. Under kyrkja var det likjellar fram til 1860.
Av inventaret er i alle fall døypefonten og krusifikset over tverrbjelken aust i skipet frå mellomalderen. Preikestolen er frå 1630-åra og altartavla skal vere skore av Johannes Hanssen Skråstad frå Vang i Hedmark i 1674. Ho, og truleg preikestolen, vart måla av Peder Jonssen i 1677.
Oppe på nordveggen ser vi den særmerkte Håkåstadstolen. Den har eigen inngang frå ute.
Utanfor kyrkja står det ein lafta støpul, bygd på 16- eller 1700-talet. Der er dei tre kyrkjeklokkene plasserte.
Kjelde
- Vågåkyrkja. Etter originalmanuskript av Torun Ramberg. Vågå sokneråd 1993