Vågå kyrkje: Forskjell mellom sideversjoner
(sokn og prestegjeld) |
Ingen redigeringsforklaring |
||
Linje 1: | Linje 1: | ||
<onlyinclude>{{thumb|Vaagaa_kirke_2011.JPG|Vågå kirke|fotograf=Kai Hansen|dato=23 september 2011}} | <onlyinclude>{{thumb|Vaagaa_kirke_2011.JPG|Vågå kirke|fotograf=Kai Hansen|dato=23 september 2011}} | ||
'''[[Vågå kyrkje|Vågåkyrkja]]''' er ein [[korskyrkje]] som i si noverande form vart bygd i åra 1625-30. Byggmeister var [[Werner Olsen]]. Kyrkja erstatta ei gamal [[stavkyrkje]] med eitt skip som etter tradisjonen skal ha stått på ei tomt om lag 300 meter vest-nordvest for den kyrkja som stå nå. Den gamle kyrkja vart rive kring 1625. Den åttekanta trånhjelmen med fire småspir på eit firkanta tårn over krysset i sjølve kyrkja er særmerkt for byggmeisteren. Ho er soknekyrkje for [[Vågå sokn]], og var tidlegare hovudkyrkje i [[Vågå prestegjeld]]. | '''[[Vågå kyrkje|Vågåkyrkja]]''' er ein [[korskyrkje]] som i si noverande form vart bygd i åra 1625-30. Byggmeister var [[Werner Olsen]]. Kyrkja erstatta ei gamal [[stavkyrkje]] med eitt skip som etter tradisjonen skal ha stått på ei tomt om lag 300 meter vest-nordvest for den kyrkja som stå nå. Den gamle kyrkja vart rive kring 1625. Den åttekanta trånhjelmen med fire småspir på eit firkanta tårn over krysset i sjølve kyrkja er særmerkt for byggmeisteren. Ho er soknekyrkje for [[Vågå sokn]], og var tidlegare hovudkyrkje i [[Vågå prestegjeld]]. | ||
Linje 11: | Linje 10: | ||
Av inventaret er i alle fall døypefonten og krusifikset over tverrbjelken aust i skipet frå mellomalderen. Preikestolen er frå 1630-åra og altartavla skal vere skore av Johannes Hanssen Skråstad frå [[Vang i Hedmark]] i 1674. Ho, og truleg preikestolen, vart måla av Peder Jonssen i 1677. | Av inventaret er i alle fall døypefonten og krusifikset over tverrbjelken aust i skipet frå mellomalderen. Preikestolen er frå 1630-åra og altartavla skal vere skore av Johannes Hanssen Skråstad frå [[Vang i Hedmark]] i 1674. Ho, og truleg preikestolen, vart måla av Peder Jonssen i 1677. | ||
Oppe på nordveggen ser vi den særmerkte [[Håkåstadstolen]]. Den har eigen inngang frå ute. | Oppe på nordveggen ser vi den særmerkte [[Håkåstadstolen]]. Den har eigen inngang frå ute. | ||
Utanfor kyrkja står det ein lafta [[støpul]], bygd på 16- eller 1700-talet. Der er dei tre kyrkjeklokkene plasserte. | Utanfor kyrkja står det ein lafta [[støpul]], bygd på 16- eller 1700-talet. Der er dei tre kyrkjeklokkene plasserte. | ||
==Galleri== | |||
<gallery> | |||
Fil:InteriørVågåkyrkja.JPG|Kyrkjeinteriøret. {{byline|Arnfinn Kjelland}} | |||
Fil:Vågå kyrkje.jpg|Vågåkyrkja 2010. {{byline|Arnfinn Kjelland}} | |||
Fil:Gamle norske kirker - no-nb digibok 2006120800016-174 1.jpg|Foto frå Wladimi Moe sin bok ''Gamle norske kirker'', utgjeve 1922. | |||
</gallery> | |||
==Kjelde== | ==Kjelde== |
Sideversjonen fra 26. aug. 2014 kl. 11:28
Vågåkyrkja er ein korskyrkje som i si noverande form vart bygd i åra 1625-30. Byggmeister var Werner Olsen. Kyrkja erstatta ei gamal stavkyrkje med eitt skip som etter tradisjonen skal ha stått på ei tomt om lag 300 meter vest-nordvest for den kyrkja som stå nå. Den gamle kyrkja vart rive kring 1625. Den åttekanta trånhjelmen med fire småspir på eit firkanta tårn over krysset i sjølve kyrkja er særmerkt for byggmeisteren. Ho er soknekyrkje for Vågå sokn, og var tidlegare hovudkyrkje i Vågå prestegjeld.
Ved bygginga vart det nytta trevirke frå den gamle kyrkja i den nye. Vi finn utskorne veggplankar frå gamlekyrkja oppsett ved hvoudinngangen til nykyrkja. Dørringen kan vera frå mellomalderen. Sørportalen er litt avskoren i øvre kanten, truleg for at han skulle passe inn i veggsystemet i nykyrkja. Utskjeringane i delane frå gamlekyrkja blir tidfesta til 1100-talet.
Grunnplanet i kyrkja er altså korsforma. Konstruksjonen er i reisverk, liknande dei gamle stavkyrkjene, men enklare. Mesteparten av veggplankane har vore nytta før og tyder på at gamlekyrkja òg var ei krossforma reisverkskyrkje - ein type som skal ha vore vanleg i seinmellomalderen. Stavkyrkjene i Lom og Ringebu er av same type.
Utvendig er ikkje kyrkja endra i nemnande grad, men innvendig er det gjort tilpassingar. Det lafta sakrisitiet på nordsida av koret vart bygd seinare på 1600-talet. Vindua vart skifta ut på 17- og 1800-talet. I 1914 vart kyrkja grundig restaurert og istandsett, m.a. av Ragnvald Einbu. Under kyrkja var det likjellar fram til 1860.
Av inventaret er i alle fall døypefonten og krusifikset over tverrbjelken aust i skipet frå mellomalderen. Preikestolen er frå 1630-åra og altartavla skal vere skore av Johannes Hanssen Skråstad frå Vang i Hedmark i 1674. Ho, og truleg preikestolen, vart måla av Peder Jonssen i 1677.
Oppe på nordveggen ser vi den særmerkte Håkåstadstolen. Den har eigen inngang frå ute.
Utanfor kyrkja står det ein lafta støpul, bygd på 16- eller 1700-talet. Der er dei tre kyrkjeklokkene plasserte.
Galleri
Kjelde
- Vågåkyrkja. Etter originalmanuskript av Torun Ramberg. Vågå sokneråd 1993
- Faktaark fra Kartverket