Valderøya

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 12. jan. 2024 kl. 13:15 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «\* {{kartverket\|([0-9]*)}}» til «»)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Valderøya sett frå Ålesund.
Foto: Olve Utne (2008).

Valderøya ligg i Giske kommune, rett nord for Ålesund. Ho er 6,5 km² stor, og det bur om lag 3000 menneskje på øya. Dei fleste bur i tettstadene Skjong og Valderhaug.

Øya er dels berglendt, og har ein del skog. Det er fiskemottak og verkstadindustri der. Mange av innbyggjarane arbeider i Ålesund. Det går undersjøisk tunnel frå Valderøy til Ellingsøy, og så ein ny tunnel til Ålesund.

Ei av landets største bergholer, Skjonghelleren, ligg på sørvestsida av Valderøy. Det var busetjing i hola frå eldre jarnalder.

Øya svarar til Valderøy sokn, som tidlegare var ein del av Giske prestegjeld.

Kjelder

Koordinater: 62.51159° N 6.11795° Ø