Valderøya

Sideversjon per 16. jun. 2014 kl. 07:07 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Ny side: '''Valderøya''' ligg i Giske kommune, rett nord for Ålesund. Ho er 6,5 km² stor, og det bur om lag 3000 menneskje på øya. Dei fleste bur i tettstadene Skjong og [[Va...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

Valderøya ligg i Giske kommune, rett nord for Ålesund. Ho er 6,5 km² stor, og det bur om lag 3000 menneskje på øya. Dei fleste bur i tettstadene Skjong og Valderhaug.

Øya er dels berglendt, og har ein del skog. Det er fiskemottak og verkstadindustri der. Mange av innbyggjarane arbeider i Ålesund. Det går undersjøisk tunnel frå Valderøy til Ellingsøy, og så ein ny tunnel til Ålesund.

Ei av landets største bergholer, Skjonghelleren, ligg på sørvestsida av Valderøy. Det var busetjing i hola frå eldre jarnalder.

Øya svarar til Valderøy sokn, som tidlegare var ein del av Giske prestegjeld.

Kjelder