Valet til Riksforsamlinga 1814

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 7. jan. 2014 kl. 09:48 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Ny side: '''Valet til Riksforsamlinga 1814''' var det fyrste demokratiske valet i Noreg. Det vart gjennomført i februar og mai 1814, med prestegjelda og byane som valkrinsar. Alle ma...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Valet til Riksforsamlinga 1814 var det fyrste demokratiske valet i Noreg. Det vart gjennomført i februar og mai 1814, med prestegjelda og byane som valkrinsar. Alle mannlege embetsmenn, borgarar, jordeigarar og -brukarar og soldatar over 25 år hadde røysterett. Dette er langt frå seinare ideal om allmenn røysterett, men i 1814 var det meir inkluderande enn det ein fann i dei fleste andre land. I Nord-Noreg rakk dei ikkje å gjennomføre valet i tide til å vere med på RiksforsamlingaEidsvoll, men dei enkelte prestegjeld heldt val.

Bakgrunn

Med Kielfreden av 14. januar 1814 vart bandet mellom Noreg og Danmark brote. Kong Frederik VI abdiserte som konge av Noreg, og statthaldar Christian Frederik tok styringa i Noreg som regent. Han prøvde fyrst å verta eineveldig konge, men dei norske stormennene godtok ikkje dette. I staden ville dei velje kongen, og lage ei grunnlov. Christian Frederik godtok dette, og stilte seg i spissen for opprøret.

For å kunne skrive grunnlova og velje ein konge måtte ein ha ei representativ forsamling, og det vart gjennom ope brev frå Christian Frederik innkalla til val.

Valordninga

Kvart prestegjeld valde to valmenn som vart sendt til ei amtsforsamling. Ein av dei to skulle vere bonde. På amtsforsamlinga valde dei tre representantar mellom valmennene. Av desse skulle minst ein vere bonde. I Mandals amt og Råbyggelagets amt valde dei to bønder.

I byane valde dei to valmenn frå kvart sokn, som så møttes og valde ein representant. Kristiania, Kristiansand og Trondheim fekk to representantar, medan Bergen fekk fire. I dei små byane med berre eit sokn vart representanten vald direkte av kyrkjelyden.

Dei militære avdelingane valde to valmenn, ein offiser og ein soldat. Desse vart så samla i hovudavdelingane, som valde ein offiser og ein soldat som representant til Riksforsamlinga.

Resultata frå dei enkelte val skulle sendast inn i form av ei adresse og fullmakt til regent Christian Frederik. I adressa skulle prestegjeldet gje valmennene fullmakt til å møte på amtsforsamlinga, og til å møte i Riksforsamlinga om dei vart vald som representantar for amtet. I adressene finn ein ofte hyllingar av regenten og anna som kyrkjelyden ville formidle. I andre høve eigentleg ikkje nokon adresse, berre ein fullmakt. Adresse og fullmakt skulle underskrivast av embetsmennene og av tolv menn frå prestegjeldet.

Gjennomføring

Valdagen skulle vere på ein særskild bededag den 25. februar. Ikkje alle prestegjeld klarte å gjennomføre dette, så valet vart mange stader gjennomført i mars. I Nord-Noreg heldt dei siste prestegjelda val i mai, uvitande om at det var for seint.

Før valet måtte kyrkjelyden avlegge ein sjølvstende-ed. Dei måtte sverje på «At hævde Norges Selvstændighed og at vove Liv og Blod for det elskede Fædreneland». Dei fleste prestegjeld bekrefta i adressa til regenten at dei hadde avlagt eden. Så vart sjølve valet gjennomført. Det var ikkje gitt nokon klar instruks om korleis ein skulle gjere det. I nokre adresser går det fram korleis menigheten gjorde det. Ein ser at i nokre høve var det soknepresten som utpeika valmennene, og dei som hadde røysterett gav sin tilslutning. I andre hadde dei hemmeleg val med ei urne på alteret, eller ope val med handsopprekking.

Kjelder