Veamyrane (Fyresdal): Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
m (Veamyrane flytta til Veamyrane (Fyresdal): standardiserer)
Linje 28: Linje 28:
== Kjelde ==
== Kjelde ==
*Marvik, Steinar. ''Fyresdal. Gards- og ættesoge''. Fyresdal kommune 1992
*Marvik, Steinar. ''Fyresdal. Gards- og ættesoge''. Fyresdal kommune 1992
[http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=7&filnamn=f60831&gardpostnr=363&merk=363#ovre Folketeljinga i 1865 for 0831 Moland]
[http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=12&filnamn=f00831&gardpostnr=317&merk=317#ovre Folketeljinga i 1900 for 0831 Moland]


[[Kategori:Garder i Fyresdal kommune]]
[[Kategori:Garder i Fyresdal kommune]]

Sideversjonen fra 23. jul. 2011 kl. 10:55

Mal:Infoboks matrikkelgård Veamyrane gnr. 86/3 i Fyresdal (Telemark) er opphavleg ein husmannsplass under N. Veum gnr. 86/1 som vart rydda i 1815. Folketeljinga det året kallar plassen Lassemoen, men seinare heitte han Veamyrane.

Det var fleire brukarar her. Gardmannen Svein Sveinungson Veum selde i 1850 N. Veum til broren Petter Veum og fekk i staden feste på Veamyrane og vart buande her resten av si tid. Stovebygningen på Veum brann, og dei hadde ikkje forsikring slik at dei ikkje hadde råd til å bygge ny og difor selde garden.

Far deira var Sveinung Ivarson Fosshøl (1770-1856) frå Brunkeberg som hadde N. Veum og var lensmann i Fyresdal.

Svein Sveinungson N. Veum (1802-1868) var gift med Sigrid Gunnarsdotter Lønnegrav (1808-1905) frå Vrådal. Dei hadde 8 born. Den eldste Jorånd (1827-1901) vart gift 1849 med Bendik Ånundson Rindebakken. Gunhild (1837-1885) flytte til Vrådal 1860 medan Sigrid (1848-1920) vart gift 1879 med Tarjei Ånundson Lurås (1839-1915) frå Mo. Han vart buande på Veamyrane som husmann resten av levetida.

Veamyrane vart skyldsett frå N. Veum Ø. i 1871 og Sigrid Gunnarsdotter fekk skøyte i 1873, men selde same året til Jon Folsæ. Saman med dottera Sigrid (1889-1874) fekk ho bygselbrev på Veamyrane i 1881. Arvingane til Jon Folsæ selde Veamyrane til Fyresdal kommune i 1897.

Rindebakken gnr. 86/6 vart skilt frå i 1902 og resten av eigedomen vart dela i to, Åheim gnr. 86/7 og Myrvang gnr. 86/5.

Kjelde

  • Marvik, Steinar. Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992

Folketeljinga i 1865 for 0831 Moland

Folketeljinga i 1900 for 0831 Moland


Mal:Infoboks gardsbruk