Veamyrane (Fyresdal): Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
m (kildered)
Linje 31: Linje 31:
Gnr. 86/5 Myrvang, Veamyrane nordre, også kalla Vimyr, var skild frå i 1863. Dette fekk Torstein Jørundson Håkedal frå buet etter Jon Foldsæ. Det var meininga han skulle vere predikant i frikyrkja, men det vart ikkje slik.
Gnr. 86/5 Myrvang, Veamyrane nordre, også kalla Vimyr, var skild frå i 1863. Dette fekk Torstein Jørundson Håkedal frå buet etter Jon Foldsæ. Det var meininga han skulle vere predikant i frikyrkja, men det vart ikkje slik.


== Kjelde ==
== Kjelder og litteratur ==
*Marvik, Steinar. ''Fyresdal. Gards- og ættesoge''. Fyresdal kommune 1992
*Marvik, Steinar: ''Fyresdal. Gards- og ættesoge''. Fyresdal kommune, 1992.
 
*[http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=7&filnamn=f60831&gardpostnr=363&merk=363#ovre Folketeljinga i 1865 for 0831 Moland.]
[http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=7&filnamn=f60831&gardpostnr=363&merk=363#ovre Folketeljinga i 1865 for 0831 Moland]
*[http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=12&filnamn=f00831&gardpostnr=317&merk=317#ovre Folketeljinga i 1900 for 0831 Moland.]
 
[http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=12&filnamn=f00831&gardpostnr=317&merk=317#ovre Folketeljinga i 1900 for 0831 Moland]


[[Kategori:Garder i Fyresdal kommune]]
[[Kategori:Garder i Fyresdal kommune]]

Sideversjonen fra 25. jul. 2011 kl. 08:52

Mal:Infoboks matrikkelgård Veamyrane gnr. 86/3 i Fyresdal (Telemark) er opphavleg ein husmannsplass under N. Veum gnr. 86/1 som vart rydda i 1815. Folketeljinga det året kallar plassen Lassemoen, men seinare heitte han Veamyrane.

Gnr. 86/7 Åheim, Veamyrane søndre (Foto Widerøe 1967)
Gnr. 86/5 Myrvang, Veamyrane nordre (Foto Widerøe 1961)

Det var fleire brukarar her. Gardmannen Svein Sveinungson Veum selde i 1850 N. Veum til broren Petter Veum og fekk i staden feste på Veamyrane og vart buande her resten av si tid. Stovebygningen på Veum brann, og dei hadde ikkje forsikring slik at dei ikkje hadde råd til å bygge ny og difor selde garden.

Far deira var Sveinung Ivarson Fosshøl (1770-1856) frå Brunkeberg som hadde N. Veum og var lensmann i Fyresdal.

Svein Sveinungson N. Veum (1802-1868) var gift med Sigrid Gunnarsdotter Lønnegrav (1808-1905) frå Vrådal. Dei hadde 8 born. Den eldste Jorånd (1827-1901) vart gift 1849 med Bendik Ånundson Rindebakken. Gunhild (1837-1885) flytte til Vrådal 1860 medan Sigrid (1848-1920) vart gift 1879 med Tarjei Ånundson Lurås (1839-1915) frå Mo. Han vart buande på Veamyrane som husmann resten av levetida.

Veamyrane vart skyldsett frå N. Veum Ø. i 1871 og Sigrid Gunnarsdotter fekk skøyte i 1873, men selde same året til Jon Folsæ. Saman med dottera Sigrid (1889-1874) fekk ho bygselbrev på Veamyrane i 1881. Arvingane til Jon Folsæ selde Veamyrane til Fyresdal kommune i 1897.

Gnr. 86/6 Rindebakken vart skilt frå i 1902 og resten av eigedomen vart dela i to.

Gnr. 86/7 Åheim, Veamyrane søndre, vart skild frå i 1913. Det vart laga til ein ny husstad, det gamle tunet var litt lengre sør, og stovebygningen vart flytta dit. På foto frå 1967 ser ein denne stove-kammers bygningen som kjerne i ein større bygning.

Gnr. 86/5 Myrvang, Veamyrane nordre, også kalla Vimyr, var skild frå i 1863. Dette fekk Torstein Jørundson Håkedal frå buet etter Jon Foldsæ. Det var meininga han skulle vere predikant i frikyrkja, men det vart ikkje slik.

Kjelder og litteratur


Mal:Infoboks gardsbruk