Verdens lengste sofa

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 25. jan. 2016 kl. 15:06 av Cnyborg (Samtale | bidrag) ({{nn}})

(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til: navigasjon, søk

Verdens lengste sofa er laga på Sykkylven, som er Noregs leiande møbelkommune. Hovudtyngda av møbelprodukta som vert laga i kommunen er stoppamøblar, det vil seie stolar og sofaer. I Sykkylven vert det ikkje berre laga mange stoppamøblar, det vert også laga lange møblar.

I 2007 sette ei dansk bedrift verdsrekord ved å lage verdas lengste sofa på 51 meter. Nokre personar innan møbelindustrien i Sykkylven meinte at rekorden høyrde heime i Sykkylven, og under Sykkylvsdagane i juni 2008, laga møbelbedriftene, gjennom eit fellesprosjekt, ein sofa som strekte seg ut 61.52 meter.

Nokre månader seinare vart denne rekorden slått, både av ein polsk og ein gresk møbelfabrikk. Då skjøna sofabyggjarane i Sykkylven at dei måtte ta skikkeleg i dersom dei skulle få ha rekorden i fred. Difor kom den ville tanken opp om at ein skulle lage ein sofa som strekte seg tvers over den 860 meter lange Sykkylvsbrua. 14. juli 2009 var det klart for den store sofamonteringa. 300 frivillige var engasjerte, ti trailarar og tre langbilar var fylte med 600 sofaer og 1500 sitteplassar som med stor presisjon vart frakta ut til dei forskjellige montørgruppene. Etter 47 minutt og 32 sekund var sofaen ferdig montert. Inspektøren frå Guinness Book of Records i London kunne ved kontrollmåling konstatere at sofaen var nøyaktig 890.25 meter lang. Truleg er det ikkje mange som vert freista til å prøve å slå denne noteringa, som no er omtala i den kjende rekordboka til Guinness. «Skulle nokon likevel ta rekorden frå sykkylvingane, er vi klare til ny dyst for å vinne han tilbake. For denne rekorden høyrer heime i Sykkylven», uttala prosjektleiar Arve Ekornes, då han mottok rekorddiplomet frå Guinnes-representanten.

Kjelde