Veum Handelslag: Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
|||
Linje 16: | Linje 16: | ||
Arkivet etter Veum Handelslag blir oppbevart ved [[Fyresdal bibliotek]]. Sjå [[Privatarkiv frå Telemark|lista over privatarkiv frå Telemark]] for meir informasjon. | Arkivet etter Veum Handelslag blir oppbevart ved [[Fyresdal bibliotek]]. Sjå [[Privatarkiv frå Telemark|lista over privatarkiv frå Telemark]] for meir informasjon. | ||
==Kjelder== | ==Kjelder og til utdjupande lesnad== | ||
*Landvik, Olav J.: ''Den gong det var landhandleri''. Ein artikkel i "Sjå deg attyvi", Fyresdal Sogelag 2000, s. 44,48. | |||
*Marvik, Steinar, ''Fyresdal: gards- og ættesoge. 3'', Fyresdal, 1992. [http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2012122105045 Digital utgåve] på bokhylla. | *Marvik, Steinar, ''Fyresdal: gards- og ættesoge. 3'', Fyresdal, 1992. [http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2012122105045 Digital utgåve] på bokhylla. | ||
*Sætherskar, Johs. (red.), ''Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon'', Bergen, 1949. | *Sætherskar, Johs. (red.), ''Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon'', Bergen, 1949. |
Sideversjonen fra 8. okt. 2019 kl. 09:15
Veum Handelslag vart starta som ein filial under Fyresdal Forbruksforening. Forretninga låg på Øyane i Veum i Fyresdal kommune.
Historikk
I 1898 vart forbruksforeninga i Fyresdal delt, og det oppstd dermed ei Veum Forbruksforening i Veum.[1] Ivar Tveiten var den drivande krafta, og var også den fyrste formannen i laget. Gunnar Jakobson Breivik vart tilsett som handelssvein. Elles bestod det fyrste styret av Gjermund Veum, Olav Hærstad, Torleif Veum og Olav Kvasfjord. Handelslaget hadde ein filial i Hauggrend, men denne gjekk inn i 1935.
I 1907 bygde forbruksforeninga nytt forretningsbygg på Øyane i Veum og flytta inn året etter.[2] Hans Jakobson Bjørnestad vart handelsstyrar nokre år. Deretter vart Hans Rasmusson Austad frå Gjøvdal tilsett. Han slutta i 1946 då han starta sin eigen Fyresdal Landhandel. John A. Dale tok over etter dette. Her fanst eige bakeri som var i drift i mange år. Torjus Nøra var den fyrste bakaren. Elles omsatte forretninga assorterte landhandelvarer og hadde mykje turisthandel i sesongen.[3]
Bestyrarar
- Ivar Tveiten, 1899 - ??
- Hans Austad, 1917 - 1945
- John A. Dale, 1946 - ??
Arkiv
Arkivet etter Veum Handelslag blir oppbevart ved Fyresdal bibliotek. Sjå lista over privatarkiv frå Telemark for meir informasjon.
Kjelder og til utdjupande lesnad
- Landvik, Olav J.: Den gong det var landhandleri. Ein artikkel i "Sjå deg attyvi", Fyresdal Sogelag 2000, s. 44,48.
- Marvik, Steinar, Fyresdal: gards- og ættesoge. 3, Fyresdal, 1992. Digital utgåve på bokhylla.
- Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.
- Taraldlien, Bendik, Fyresdal. Med Bilæte. Kristiania 1910. (Bendik sitt bilete Øyane i Veum er på s. 5.)