Veum Smørlag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Fyresdal Handelslag handsama på årsmøtet 8. februar 1930 eit framlegg frå G. Veum om handelslaget kunne gjere noko for å få til ei betre ordning med heimesmøret, slik at handelslaget tok mot smøret usalta og blanda og pakka det einsarta. Dette vart ikkje vedteke.

Veum Smørlag blei starta av bøndene i Veum og kringliggjande gardar i Fyresdal kommune i 1936. Lagets fyrste formann var Ragnvald Gravir. Seinare vart Olav Veum formann i laget. Laget hadde ei årleg omsetting på 15 000 - 20 000 kilo smør.


Biletgalleri

Arkiv

Arkivet etter Veum Smørlag blir oppbevart ved Fyresdal bibliotek. Sjå oppføring i lista over privatarkiv frå Telemark.

Kjelder

  • Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.
  • Veum, Bendik: Festskrift for Fyresdal Handelslag 1871-1931 J. A. Kroghs Boktrykkeri. Skien