Vinje kyrkje (Hemne)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Vinje kyrkje | |
---|---|
Foto: Olve Utne (2009).
| |
Stad: | Vinje i Hemne kommune |
Byggeår: | 1820 |
Endringar: | Restaurert 1976 |
Kyrkjegard: | Ja |
Kyrkjesamfunn: | Den norske kyrkje |
Bispedøme: | Nidaros |
Prosti: | Orkdal |
Prestegjeld: | Hemne |
Fellesråd: | Hemne |
Sokn: | Vinje |
Arkitekt: | P. Konstum |
Materiale: | Tømmer |
Altartavle: | 1720, barokk |
Sitteplassar: | 150 |
Vinje kyrkje i Hemne kommune er ei åttakanta kyrkje i tømmer frå 1820.
Kyrkja har eit romansk krusifiks som kan vere frå slutten av 1100-talet. Det skal opphavleg ha stått utandørs med eit tak over, og vart attfunne under ei oppussing i 1950-åra. Altartavla frå 1712 er i nederlandsk barokkstil. Preikestol og altartavle vart flytta over rå gamlekyrkja.
Gamlekyrkja
Gamle Vinje kyrkje vart riven omkring 1820, då nykyrkja vart bygd. Det vesle tårnet vart teke var på og flytta over, og det same gjeld altartavla og preikestolen.