Visitasar i Jostedalen

Visitasar i Jostedalen er eit oversyn over dei kjende bispevisitasane for Jostedal prestegjeld. På grunn av den lange og vanskelege vegen opp i bygda, vart visitasane fram til 1800-talet i regelen haldne i Dale kyrkje i Luster. Lista femner førebels om bispevisitasane fram til 1900.

Tid Stad Biskop Sokneprest Merknad/kjelde
1739, 30. juli Dale kyrkje Oluf Bornemann Gjert Geelmuyden (vikar)
1745, 27. juli Dale kyrkje Oluf Bornemann Matthias Foss Visitasrapport
1749, 2. juli Dale kyrkje Erik Pontoppidan Matthias Foss Visitasdagbok
1760, 11. juni Dale kyrkje Ole Tidemand Matthias Foss
1802, 11. juli Dale kyrkje Johan Nordahl Brun Johan Henrik Lind Visitasdagbok
1806, 6. juli Jostedal kyrkje Johan Nordahl Brun Johan Henrik Lind Visitasdagbok
1823, 1.-6. juli Jostedal kyrkje Jacob Neumann Peder Pavels Aabel Visitasskildring
1830 Dale kyrkje Jacob Neumann Bernt Anker Leigh
1834, 25. juni Dale kyrkje Jacob Neumann Bernt Anker Leigh
1840, 12. juni Dale kyrkje Jacob Neumann Kjeld Andreas Bugge
1850, 4. august Dale kyrkje Peder Chr. Kjerschow Christian Bastholm Heltberg
1860, 15.-16. juli Jostedal kyrkje Jens M. Kaurin Ole Christian Rasch
1880, 1. juni Jostedal kyrkje Peter Birkeland Anton Hansen
1882, 6. juni Jostedal kyrkje Fredrik Waldemar Hvoslef Ole Christian Rasch
1886, 23. august Jostedal kyrkje Fredrik Waldemar Hvoslef Wollert Johan Lyder Frich
1890, 15. juli Jostedal kyrkje Fredrik Waldemar Hvoslef Wollert Johan Lyder Frich
1894, 7. juni Jostedal kyrkje Fredrik Waldemar Hvoslef Theodor Julius Børresen


Kjelder

  • Kallsbok for Jostedal prestegjeld
  • Kyrkjebøker for Jostedal prestegjeld