Bernt Anker Leigh

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Bernt Anker Leigh (fødd 27. desember 1800 i Kvikne, død 2. september 1872 i Gausdal) vart student i 1822 og tok teologisk embetseksamen 16. september 1828. Foreldra var sokneprest Morten Andreas Leigh og kona Petronelle f. Mørch.

Sokneprest i Jostedalen

Bernt Anker Leigh var bror til Margarethe Engelke Magdalene Leigh som var gift med soknepresten i Sogndal og den førre presten i Jostedalen, Peder Pavels Aabel. Han styrte òg Jostedalen frå Sogndal 1823-1829 og var nok medverkande til at Leigh vart utnemnd til sokneprest i Jostedal prestegjeld 28. november 1828. Han overtok embetet i april 1829. Det var Leigh som i 1830 tok til å føre kallsboka for Jostedalen etter eit rundskriv frå biskop Jacob Neumann i 1828 og truleg etter påtrykk av Neumann under visitasen i 1830. Leigh har såleis skrive inn alle historiske opplysningar i kallsboka.

Leigh var ein av dei fyrste prestane på lenge som sjølv dreiv Jostedal prestegard, forbetra garden og interesserte seg for drifta.[1]

I 1834 skipa Leigh Jostedal leseselskap, som vart forgjengaren til allmugebiblioteket i Jostedalen, og han gav ei boksamling til leseselskapet.[2]

Leigh har fått ord på seg for å vere svært godt likt av bygdefolket. Biskop Neumann skreiv at «Sogneprest Leigh stod på god fot med sine sognebørn, hvilket vistes igjen på hans konfirmanter».[3] Ein av etterfølgjarane hans har notert at "Hr Leigh vidste i høi Grad at vinde Menighedens Yndest, hvorfor han endnu her levere i agtet og kjerlig Erindring."[4]

Kapellan i Gausdal og sokneprest i Overhalla

Leigh forlet Jostedalen våren 1835 etter å ha vorte utnemnd til residerande kapellan i Gausdal i Oppland 23. juli 1834. Han vart 29. juli 1841 utnemnd til sokneprest i Overhalla i Nord-Trøndelag der han var til han fekk avskil 2. juli 1864. Han og kona, Ane Justine Must Coucheron (datter av Hans Nobel Coucheron og Ane Maria Glückstad), flytte deretter attende til Gausdal der dei budde resten av livet.

Notar

  1. Kallsboka fol. 76a, jf. Øvregard 2010, s. 196
  2. Kallsboka; Statsarkivet i Bergen, Jostedal sokneprestembete, utlånsprotokoll for Jostedal leseselskap
  3. Øvregard 2010, s. 222
  4. Kallsboka

Litteratur

  • Kalds-Bog for Justedals Præstegjæld begyndt 1830, Kyrkjekontoret i Luster. (digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Lampe, Johan Fredrik. (1896). Bergens stifts biskoper og præster efter reformationen. Biografiske efterretninger. (Bd. 2). Kristiania: Cammermeyer. (digital utgåve, Digitalarkivet)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune. (digital utgåve, NBdigital)
  • Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag.


Forgjengar:
 Peder Pavels Aabel 
Prestar i Jostedalen
Etterfølgjar:
 Kjeld Andreas Bugge