Volrath Vogt (1817–1889): Forskjell mellom sideversjoner
m (Marianne Wiig flyttet siden Volrath Vogt (1817-1889) til Volrath Vogt (1817–1889): tankestrek) |
Ingen redigeringsforklaring |
||
Linje 1: | Linje 1: | ||
'''[[Volrath Vogt ( | '''[[Volrath Vogt (1817–1889)|Volrath Vogt]]''' (fødd 14. februar 1817 i Reerslev, Danmark, død 19. juli 1889 i [[Oslo kommune|Kristiania]]) var teolog, lærar og lærebokforfattar. Foreldra var sokneprest Johan Nilsen Vogt (1783–1859) og Henriette Elisaberth Lorenzine Juhl (1790–1846). Faren var sokneprest i Tune frå 1820. Sjølv var han ugift heile livet. Han vart gravlagd på Vår Frelsers gravlund. | ||
Han studerte telologi og vart cand.theol. i 1838. Året etter vart han timelærar ved Christiania katedralskole, seinare adjunkt og overlærar. Faga var religion, geografi og fransk. Da han døydde, hadde han vore lærar ved katedralskulen i femti år. | Han studerte telologi og vart cand.theol. i 1838. Året etter vart han timelærar ved Christiania katedralskole, seinare adjunkt og overlærar. Faga var religion, geografi og fransk. Da han døydde, hadde han vore lærar ved katedralskulen i femti år. |
Sideversjonen fra 21. mar. 2018 kl. 12:18
Volrath Vogt (fødd 14. februar 1817 i Reerslev, Danmark, død 19. juli 1889 i Kristiania) var teolog, lærar og lærebokforfattar. Foreldra var sokneprest Johan Nilsen Vogt (1783–1859) og Henriette Elisaberth Lorenzine Juhl (1790–1846). Faren var sokneprest i Tune frå 1820. Sjølv var han ugift heile livet. Han vart gravlagd på Vår Frelsers gravlund.
Han studerte telologi og vart cand.theol. i 1838. Året etter vart han timelærar ved Christiania katedralskole, seinare adjunkt og overlærar. Faga var religion, geografi og fransk. Da han døydde, hadde han vore lærar ved katedralskulen i femti år.
Namnet Volrath Vogt er uløyseleg knytt til bibelhistoria han gav ut, fyrste ugåva kom i 1858. Da Vogt døydde, i 1889, hadde boka kome i 26 opplag. Ei bibelhistorie for den høgare skulen kom i 1862.
I 1863 var han på ei studiereise til Syria og Palestina for å samle tilfang til boka Det hellige land (1868), det vitskaplege hovudverket hans.
Han hadde store pedagogiske evner og var ein avhalden lærar.
Kjelder og litteratur
- Aarflot, Andreas: artikkel i Norsk biografisk leksikon, bind 9. 2005.