Ytre Fjærland krins: Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
Ingen redigeringsforklaring |
||
Linje 73: | Linje 73: | ||
* Møtebok for tilsynsutvalet i Ytre Fjærland skulekrins, 1890-1963 | * Møtebok for tilsynsutvalet i Ytre Fjærland skulekrins, 1890-1963 | ||
* Avgangsvitnesbyrd for Ytre Fjærland skulekrins, 1894-1956 | * Avgangsvitnesbyrd for Ytre Fjærland skulekrins, 1894-1956 | ||
* Dagbok for Eithun krins, Ytre Fjærland krins, Sværefjorden krins og Hovland krins, 1884-1913 | |||
* Dagbok for Eithun og Ytre Fjærland krins, 1872-1883 | |||
* Dagbok for Ytre Fjærland skulekrins, 1915-1961 | |||
* Dagbok for Ytre Fjærland skulekrins, 1889-1915 | * Dagbok for Ytre Fjærland skulekrins, 1889-1915 | ||
* Hovudbok for Ytre Fjærland skulekrins, 1925-1929 | * Hovudbok for Ytre Fjærland skulekrins, 1925-1929 | ||
* Skuleprotokoll for Eithun skulekrins og Ytre Fjærland skulekrins, 1862-1875 | |||
* Skuleprotokoll for Eithun skulekrins og Ytre Fjærland skulekrins, 1875-1887 | |||
* Skuleprotokoll for Eithun skulekrins og Ytre Fjærland skulekrins, 1888-1925 | * Skuleprotokoll for Eithun skulekrins og Ytre Fjærland skulekrins, 1888-1925 | ||
* Skuleprotokoll for Tjugum indre distrikts omgangsskule, Sværefjord, Ytre Fjærland og Eithun roder, 1860-1878 | |||
===Digitale kjelder=== | ===Digitale kjelder=== |
Sideversjonen fra 12. des. 2022 kl. 10:27
Ytre Fjærland krins var ein skulekrins i Sogndal kommune i Sogn. Tidlegare var denne krinsen, og heile Fjærland, ein del av Balestrand kommune.
Krinsen omfatta dei veglause grendene i Fjærlandsfjorden, som til dømes Jordal, Lidal, Romøyri og Teigen. Frå 1957 vart krinsen slått saman med resten av Fjærland. Det vart samla skule for alle på Pålsneset i Mundal.
Skulehus
Skulen i Ytre Fjærland vart heldt som omgangsskule fram til 1870-talet. I skuleprotokollane oppgis det at skulen i perioden 1875-1887 mellom anna vart heldt i Jordal, Lidal, Rødbotten og Romøren.[1] I 1877 vart det lova 50spd. eller 200 kroner til ei rodestove i Lidal.[2] Skulestova i Lidal er omtala i skuleprotokollane for Ytre Fjærland frå 1878,[1] og var i bruk fram til 1901.[2] Denne stova skal i følge femårsmeldinga for 1891-1895 ha hatt plass til 20 barn og med et «avtredelsesværelse» for læraren. Skulen var også delvis på omgang på denne tida.[3] Under eit møte i krinsen i 1899 ønska eit mindretal å bygge ny skulehus på Raudbotten, men fleirtalet vann fram og skulestova vart lagd til Jordal[4].
Jordal skule
Det vart bygd skulehus i Jordal i 1901. Det vart halde skule i huset til 1957, då skulen vart flytta til Mundal.
Skuledagen
Sjukdom og fråvær
På slutten av 1800-talet og starten av 1900-talet vart skuleborna no og då hindra av storm og uvèr, meir om dette under "Skulevegen" under.
I 1911 vart krinsen ramma av kolerasjuke,[5] mens borna frå Lidal i 1925 vart hindra frå å søke skulen på grunn av skarlagensfeber. Skuleprotokollane viser også at borna kunne komme ut for skadar heime som kunne hindre skulegong, bland anna minst to ulykkar med øks kor born hadde hugge seg sjølv i foten.[5] [6]
Skulevegen
Elevane vart skyssa med båt på Sognefjorden, mellom anna frå Lidal, Romøyri og Teigen. Dette var ein vanskeleg skuleveg, spesielt på vinterstid. Til dømes kom ikkje borna frå Lidal seg til skulen mellom 7.-11. februar 1949 fordi fjorden var islagd og båten dermed ikkje kom fram.[6]
Lærarar
Etternamn | Fornamn | Fødd | Skule | Tilsett år | Slutta år | Utdanning frå | Merknad |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mo | Hans | 1867 | Ytre Fjærland | 1889 | 1897 | Hamar | [3][5] |
Lidal | Endre | 1892 | Ytre Fjærland | 1915 | 1917 | Volda lærarskule | [7][8] |
Hegnes-Raudbotn | Laura | 1900 | Ytre Fjærland | 1922 | 1948 | Nesna lærarskule | [9][10] |
Bøyum | Eil | ? | Ytre Fjærland | 1949(?) | ? | ? | [6] |
Foto
Fotnotar
- ↑ 1,0 1,1 Skuleprotokoll for Eithun og Ytre Fjærland 1875-1887.
- ↑ 2,0 2,1 Urtegaard, Gunnar. Bering, Bjørn. Kleppa, Hermund (1989) Soga om grunnskulen 1739-1989. Balestrand kommune. Side 42.
- ↑ 3,0 3,1 Beretning om Folkeskolen i Balestrands Skolekommune Femaaret 1891-1895. Annonce-Tidendes Bogtrykkeri 1897
- ↑ Møtebok for tilsynsutvalet i Ytre Fjærland skulekrins, 1890-1963
- ↑ 5,0 5,1 5,2 Dagbok for Ytre Fjærland skulekrins, 1889-1915
- ↑ 6,0 6,1 6,2 Dagbok for Ytre Fjærland skulekrins, 1915-1961
- ↑ Pederssen, K.: Lærerkalender for den norske folkeskole. Utg. Dybwad. no#. 1884. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- ↑ Norske skulefolk. Utg. Dreyer. 1934. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- ↑ Norske skulefolk. Utg. Dreyer. xx#. 1952. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- ↑ Hovudbok for Ytre Fjærland skulekrins, 1925-1929
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
- Laberg, Jon (1934) Balestrand - bygd og ætter, s184-199.
- Urtegaard, Gunnar. Bering, Bjørn. Kleppa, Hermund (1989) Soga om grunnskulen 1739-1989. Balestrand kommune.
- Pederssen, K.: Lærerkalender for den norske folkeskole. Utg. Dybwad. no#. 1884. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Norske skulefolk. Utg. Dreyer. 1934. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Norske skulefolk. Utg. Dreyer. xx#. 1952. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Beretning om Folkeskolen i Balestrands Skolekommune Femaaret 1891-1895. Annonce-Tidendes Bogtrykkeri 1897
- Beretning om Folkeskolen i Balestrands Skolekommune Femaaret 1896-1900. John Griegs Bogtrykkeri 1902
- Møtebok for tilsynsutvalet i Ytre Fjærland skulekrins, 1890-1963
- Avgangsvitnesbyrd for Ytre Fjærland skulekrins, 1894-1956
- Dagbok for Eithun krins, Ytre Fjærland krins, Sværefjorden krins og Hovland krins, 1884-1913
- Dagbok for Eithun og Ytre Fjærland krins, 1872-1883
- Dagbok for Ytre Fjærland skulekrins, 1915-1961
- Dagbok for Ytre Fjærland skulekrins, 1889-1915
- Hovudbok for Ytre Fjærland skulekrins, 1925-1929
- Skuleprotokoll for Eithun skulekrins og Ytre Fjærland skulekrins, 1862-1875
- Skuleprotokoll for Eithun skulekrins og Ytre Fjærland skulekrins, 1875-1887
- Skuleprotokoll for Eithun skulekrins og Ytre Fjærland skulekrins, 1888-1925
- Skuleprotokoll for Tjugum indre distrikts omgangsskule, Sværefjord, Ytre Fjærland og Eithun roder, 1860-1878
Digitale kjelder
- Starheim, Ottar, Allkunne/NRK Fylkesleksikon