Ytre Moen under Trydal: Forskjell mellom sideversjoner

m
korr
m (korr)
m (korr)
Linje 34: Linje 34:
Mikkel og Gunhild var båe på Moen då han døydde i 1842. Han vart då oppskriven som fatiglem. Då Gunhild døydde 5 år seinare, var ho framleis i Trydal, men ettersom ho då vert kalla legdslem, er det uvisst kvar ho budde.  

Dei neste me kan vita heldt til her er Folke Øyulvsson Brokka og folket hans, som flutte hit kring midten av 1850-åra. Me har fortalt om Folke og huslyden hans i bolken om [[Der inne (Bykle gnr 17/1)|Der inne]]. Det som her skal leggjast til er ikkje stort meir enn det me finn i [[folketejinga frå 1865]]. Men for samanhengens skuld lyt me likevel fyrst taka med at Folke hadde vore bruksmann i Der inne i omlag 30 år, då han i 1855 vart sinnssjuk og laut umyndiggjerast. Vidare høyrer det med at Knut Hallvardsson Der inne ytte kår til bestefaren frå han overtok bruket sitt i 1856, og at retten til å sitje fritt i Ytre Moen så lenge Folke eller Birgit, kona hans, livde, var ein del av dette kåret.  
Dei neste me kan vita heldt til her er Folke Øyulvsson Brokka og folket hans, som flutte hit kring midten av 1850-åra. Me har fortalt om Folke og huslyden hans i bolken om [[Der inne (Bykle gnr 17/1)|Der inne]]. Det som her skal leggjast til er ikkje stort meir enn det me finn i [[folketeljinga frå 1865]]. Men for samanhengens skuld lyt me likevel fyrst taka med at Folke hadde vore bruksmann i Der inne i omlag 30 år, då han i 1855 vart sinnssjuk og laut umyndiggjerast. Vidare høyrer det med at Knut Hallvardsson Der inne ytte kår til bestefaren frå han overtok bruket sitt i 1856, og at retten til å sitje fritt i Ytre Moen så lenge Folke eller Birgit, kona hans, livde, var ein del av dette kåret.  

I 1865 finn me difor Folke og Birgit på Moen. Han er då ein «husmand med jord» på 71 år med tilleggsmerkelappen «sindssvag fra sit 61. år». Med seg til hjelp hadde det gamle ekteparet både den endå ugifte dottera Gunhild, den gifte dottera Ingebjørg og Gunnar Olsson, mannen hennes. Dei sistnemnde kjem me litt attende til nedanfor.  