Ytterbø (Bøgata 33)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 19. jul. 2017 kl. 09:01 av Per Ormestøyl (samtale | bidrag) (skrivefeil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Ytterbø i dag.
Foto: Roy Olsen (2017)

Ytterbø Gnr. 53/11 ligg i Bøgata 33 i Bø kommune i Telemark. Bygningen er den eldste bygningen i Bøgata.

Historikk

  • Ca. 1860: Ytterbø vert oppført på Veirud (Gnr. 56/7). Eigaren er Bodil Evensen.
  • Ca. 1865-1873: Bodil Evensen driv krambu. Bygningen blir flytt til Espedalen (Gnr. 40/4) (i skråningen mot Berge (Gnr. 40/6)) i løpet av perioden.
  • 1873: Ytterbø vert flytt til HågåbergjaLangkåshaugen.
  • 1873-1891: Bø Forbrugsforening driv handel.
  • 1891-1897: Gunnar S. Bø og Gjert Kaasa kjøper Ytterbø og flyttar bygningen ned til Bøgata 33 i løpet av perioden.
  • 1897-1907: Gunnar S. Bø og Gjert Kaasa driv forretning.
  • 1907-1914: Augund Lovald kjøper huset og driv forretning. Han bygger bustadhuset Huseby (Gnr. 53/23).
  • 1914-1917: Hallvard Nordbø kjøper Ytterbø og driv forretning.
  • 1917: Dyrlege Ole Løken kjøper Ytterbø og Huseby.
  • ca. 1917: Løken sel Ytterbø til Bø kommune (Telemark).
  • 1917-1918: Bø Provianteringsråd nyttar Ytterbø til varelager og til utdeling av varer til forretningane i Bø under verdskrigen.
  • 1918: Løken kjøper Ytterbø attende.
  • 1918-1923: Midtbygda Handelslag leiger Ytterbø og driv forretning.
  • 1926: Olaf Østbø kjøper både Ytterbø og Huseby.
  • 1927-1939: Østbø driv både forretning og bensinstasjonen. Usikkert om denne heitte Mil Auto frå starten.
  • 1940-1941: Østbø og Hans Glenna bygger bilverkstad som eit tilbygg bak forretninga.
  • 1941-1942: Østbø leiger bort Ytterbø til Arne Pettersen som startar Bø Trykkeri.
  • ca. 1942-1957: Østbø driv bensinstasjon og verkstad på Ytterbø. Dei to fyrste åra er Hans Glenna med som drivar.
  • 1958: Bensinpumpa vert flytt over gata til der Norol-stasjonen låg.
  • 1958-1961: Halvor Kleiva og Halvor Moland leiger verkstaden.
  • ??: Ytterbø vert nytta som lagerbygg og verkstad for O. H. Kaasa Markiseindustri A/S.
  • ??:

Kjelder

  • Henneseid, Stian, Bø-soga II, Telemark, gards- og ættesoga, band 1, Bø kommune, 1982. Digital utgåvebokhylla.
  • Kvaalen, Olav, Bø i Telemark, jubileumskrift: Bø papir og trykk, 1941-1981, Bø, 1981. Digital utgåve på bokhylla.
  • Mæland, Ivar, Bø tè tusen - gata i hondre, Bø, 1999. Digital utgåve på bokhylla.