Åfjorddalen skule
Hopp til navigering
Hopp til søk
Gamle Åfjorddalen skule i Åfjorddalen krins ligg på Eidsneset i Hyllestad kommune.
Skulehuset
Kommunestyret vedtok samrøystes den 16. september 1922 at det i 1923 skulle byggjast felles skulehus for krinsane Birkeland, Dale og Løland, og at dette skulle plasserast på Eidsneset. Åfjorddalen skule var eit stort skulehus med fleire klasserom og bustad for både lærar og lærarinne. Skulehuset vart teke i bruk som skulehus for Åfjorddalen krins i 1924, og vart etter ein langvarig og kvass strid plassert på Eidsneset. Skulen vart lagt ned og erstatta av nye Åfjorddalen skule i 1982.
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
- Ingemar Nordstrand (2009) Gamal og beisk skulestrid i Lølandsgrenda. Sogeskrift frå Hyllestad 2009.
- Sogn og Fjordane fylkesarkiv:
- Kommunestyreprotokollar 1861-1926
- Skulestyreprotokollar 1861-1926
- Krinsprotokollar Løland, Dale og Birkeland krinsar